Bjørnskåsvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjørnskåsvegen på Nordagutu i Midt-Telemark kommune går nordøstover frå Rogholtvegen i Bjørnli bustadfelt og endar ved nr. 44. Han er om lag 500 meter lang.
Vegen har namn etter plassen Bjørnskås under Svålåstugo som låg ved vegens ende og blei namnsett i 1999.
- Nr. 3: «Lundheim», gnr. 115/7. Eigar frå 1924, Anne O. Arud. Her dreiv John Arud futikk frå 1925. Tidlegare var det bare ei hytte på tomta. Han bygde på og heldt på med butikken til utpå 1950-åra.
- Nr. 10: «Skogli», gnr. 116/12 blei skilt ut frå gnr. 16/8 og selt til A/S N. Kittilsen av Union Co. i 1917. På tomta blei ei hytte (sidan kalla «Unionhytta») sett opp same år. I 1923 kjøpte Union Co.s Funksjonærforening eigedomen. Eigar frå 1954 var Ivar Arnold Hauen. Hytta blei påbygd i 1960 til bustadhus.
- Nr. 44: Sykehuset Telemark, seksjon for sykelig overvekt
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad, band I, Sauherad kommune 1980, s. 570, 618.