Blåsen notlag (Vika) – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Blåsen notlag (Vika) var eit notlag som var starta ca. 1952. Laget hadde sju partseigarar og dreiv fiske i ti års tid med notbåten «Bulder». Notdrifta i laget vart avvikla på førstninga av 1960-talet.

Nøter som notlaget tok i bruk

Notlinet vart levert gjennom firmaet Sverre Eidsvik i Ålesund. Monteringa av nota gjekk føre seg i Steinsvik, og det var Sverre Lyngnes og Jakob Steinsvik (Jona Jakob) som stod føre dette arbeidet. Nota var 115 famner lang og 15 famner djup. I «gjeila» var den 40 omfar og i «bussen» (nota) var den 60 omfar. I tillegg hadde dei 2-3 stengjenøter og kjøpte ei orkastenot på ca. 15 famner og ca. 3 famner djupne. Orkastenot vart brukt ved levering av fangsten.

Notbåt

Som notbåt vart innkjøpt ein snurpedorry frå Haugsbygda, og han vart ombygd på Bjørneset. Her fekk båten påbygt dekk og innsett ein 6 hk. Hjelsetmotor. Denne motoren vart seinare utskifta med ein 8-10 hk. Rapp-motor som hadde vore brukt som straumaggregat på Haugens Orgelfabrikk. Dorryen vart også ombygt i akterenden og fekk no tverrhekk og notrull. Ola S. Løvik bygde deretter overbygg framme. Båten fekk namnet mk. «Bulder» og hadde registreringsnr. M-22-D. Båtlengda var 26 fot. Løvik kjøpte seinare ein gavlbåt gjennom Gustav Stave på Stadtlandet. Denne vart brukt til spelbåt, og til å ha stengjenøtene i. Dei skaffa seg òg ein gamal gavlbåt frå Steinsvik. «Bulder» vart seld til Gursken då dei avvikla notlaget.

Partseigarar

Det var sju parteigarar i notlaget:

  • Samund O. Løvik f.1897
  • Elias Nesheim f.1912
  • Johan O. Drabløs f.1924
  • Gudmund Drabløs f.1900
  • Jakob Vatne f.1905
  • Ola S. Løvik f.1926
  • Lauritz S. Løvik f.1934

Fiske og fangst

Den 19. mai 1952 vart første mussakastet gjort. Dette var på 7 hl. og kastet vart gjort bortfor Vikaneset. Det var Samund O. Løvik som var notbas. Nokre få dagar seinare (21/5) gjorde dei eit nytt kast på Løvikbugen, dette var på 500 hl., blanding av sild og brisling. Dei hengde nota 26/5. Notahenget var på «Stolen», utom Skrubbeneset. Ola S. Løvik f.1926 fortel at dei brukte eit reidskap som dei kalla «Neip» når dei hengde nota. Han nemner òg at når storenota var dregen fram i land og delvis teken opp i notbåten, vart det sett ei stengenot rundt storenota. Stengenota vart då ståande så lenge silda var fri for «åte». Før jonsok var det trygt å slepe nota frå fjorden og fram i land utan å tenkje på at mussa ville stikke ned og ut av nota. Etter jonsok derimot måtte ein passe godt på så ikkje fangsten «rømde». På vårparten ca. 1954 var det svært mykje sild i fjorden. Då fiska vi for 1000.- kr. pr. mann på ei veke, - noko vi syntest var svært godt

Kjelder og informantar

Munnlege kjelder for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal



Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Blåsen notlag (Vika) – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.