Blue Horn Jazzband

Blue Horn Jazzband er eit jazzband med base i Sykkylven. Bandet vart starta i 1997 av Terje Frøystad (1950–2011) og Jan Lade, begge var tidlegare drivkrefter i Sykkylven storband som hadde røter tilbake til 1968. Bandet har sitt utgangspunkt i trad- og swingmusikken med repertoar mest frå perioden 1912-1940. Medlemene har vore frå Sykkylven, Ålesund og Molde. Bandet har delteke på ei rekkje tradjazzfestivalar i Skandinavia og har vore på jazzcruise på Nilen. I tillegg til sosiale jazzarrangement er dei mykje brukte når hendingar skal markerast, jubileum o.l. Kyrkjekonsertar har sidan starten stått på programmet.

Blue Horn Jazzband var med og kasta glans over feiringa då drivande kraft i bandet, Jan Lade, fylte 80 år i desember 2024. (Foto Eldar Høidal.)

Dei har gitt ut 3 CD-ar. Den siste live frå kyrkjekonsert med Marilyn Keller (USA) og bandets faste vokalist, Margrethe Velle Ødegård.

Frå 2019 har bandet hatt følgjande besetning: Arnfinn Grebstad (altsax, klarinett, fløyte), Jan Lade (trompet, flygelhorn), Halstein Kurseth (gitar, banjo, vokal), Sveinung Utgård (kontrabass), Stein Lied (slagverk), Thore Senneset (tenorsaksofon) og Margrethe Velle Ødegård (vokal).

CD-utgjevingar:

  • With a heart full of rythm. 2002.
  • Trad and sweet. 2008.
  • Together. 2011.

Kjelde

  • Heimesida til Blue Horn Jazzband: www.bluehorn.no