Bordvegen (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bordvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går sørover frå Borgjavegen og endar blindt ved nr. 100. Dette er hovudvegen inn i Breisås bustadområde. Han er om lag 1,2 kilometer lang.
Bordvegen er truleg eit namn som skriv seg frå 1600-talet og plankekøyringa som gikk føre seg på vintervegen frå Lunde og Eikjabygda, bakom Staurheim og Borgja og tvers gjennom Torstveit. Vegen blei namnsett i 1975.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972, s. 109