Botnahytta

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Botnahytta er ei hytte i Os i Bjørnafjorden kommune, reist i 1941 og restaurert i 2015. Den har status som krigsminnesmerke då den vart nytta under under andre verdenskrigen som skjulestad, mellom anna av seks kanadiske flygarar som måtte naudlande 26. september 1944.

Dei kanadiske flygarane var på tokt over Nordsjøen, då dei fekk brann i ein motor, og måtte naudlande på Haugland i Os. Dei kom uskada frå ulukka. Det hasta med å få gjøyme seg, for det var mange tyske vaktstasjonar i området. Dei vart losa til Bjørnen, derfrå frakta i robåt til Sørstrøno, der dei var i fire dagar. Så kom Einar Evensen 1. oktober og henta dei. Turen gjekk frå Sørstrøno til Lønningdal, der Jakob Hjelle, Haldor Øvredal og Helen Mowinckel-Nilsen tok imot dei. Så vart dei rodd over Øvredalsvatnet, før det bar inn dalen og opp Baggjaskaret til Botnahytta. Her fekk dei nokre fredelege dagar. Området kalla dei for «Little Canada», då terrenget og naturen der likna heimlege traktar. Om kvelden 9. oktober gjekk turen attende til Øvredalen, og 10. oktober kom Lars Orrebakken med motorbåten «Snøgg», og frakta dei til Austevoll. Her låg dei i tre dagar før «Shetlands-Larsen» kom med ubåtjagaren «Vigra» og henta dei til Shetland.[1]

Motstandskvinna Anne Marie Malmo nytta hytta som skjulestad då ho måtte leggje seg i dekning på slutten av krigen og fram til freden.[2]

Referansar

  1. Botnahytta på ut.no. Besøkt 11.03.2024.
  2. Borgersrud, Lars og Inge Bjørnar Eriksen: Sabotører i vest : sabotasjeorganisasjonen på Vestlandet 1940-1945. Bodoni forlag 2015, s. 622. ISBN 9788271288204. Digital versjonNettbiblioteket.