Brødrene Blindheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brødrene Blindheim AS var ein produsent av bord i Sykkylven. Verksemda kom i gang i 1939 under namnet Reitebakken Snikkarverkstad. Bedrifta var ein av få platemøbelprodusentar i Sykkylven som fekk eit langt liv. Brødrene Blindheim nytta for ein del profesjonelle designarar til å teikne møblane og var anerkjent som ein leverandør av kvalitetsmøblar.

Bedrifta vart starta av Sigfred Blindheim og faren, Nikolai. Dei hadde sidan 1936 drive bygningsarbeid i Sykkylven. I 1939 gjekk dei saman om å skipe ein snikkarverkstad, som fekk tilhald i løa på bruket deira på Blindheim. Eldste bror til Sigfred, Arne Blindheim, var og med på bedriftsskipinga. Dei laga i hovudsak vindaugsrammer og dører, og i tillegg kjøkkeninnreiingar. I 1941 fekk snikkarverkstaden ein stor ordre då Klocks Lenestolfabrikk bygde i Haubukta. Dei fekk levere alle vindaugsrammene og dørene til Klocks-fabrikken.

Litt møblar vart også laga i løa på Reitebakken. Arne var flink treskjerar, og evnene sine nytta han m.a. til å lage utskorne spegelrammer. Ein variant med fasettslipt glas vart seld i betydeleg antal til ei forretning i Trondheim under krigen.

Bord skulle seinare bli spesialiteten til Brødrene Blindheim. Uti krigsråa byrja dei å eksperimentere seg fram med platemøblar. Eit samarbeid vart innleidd med Lunheim Møbelfabrikk i Ullavika, slik at Brødrene Blindheim produserte soklane og Lunheim laga finerte plater. Borda vart selde gjennom Brødrene Blindheim.

I 1945 kunne dei flytte ut av løa og inn i eit nyreist fabrikkbygg i betong ved strandlinja på Blindheim. Bygget hadde ei grunnflate på 16x16 m og var i to høgder. Bedrifta endra frå då av namn til Brødrene Blindheim Møbelfabrikk.

I åra som fylgde leverte dei heile soveromsmøblement. Første oppdraget fekk dei frå møbelhandlar Mortensen i Oslo. Det bestod av tolv sett soveromsmøblement i flamma bjørk. I eit sett var der senger, skap, toalettkommode og nattbord.

Bedrifta hadde fem tilsette i 1948, så auka det på litt etter kvart. Opptil 16 arbeidarar var det i bedrifta då ho stod på høgda i 1950- og 60-åra.

I 1962 tok Brødrene Blindheim Møbelfabrikk del i ein landskonkurranse som skulle kåre den beste eksportmodellen. Bedrifta tok del med ein kombinert bordmodell, Nyttig, som var teikna av Ingmar Relling. Bordet fekk andreplass i den store konkurransen, og det resultatet auka omsetninga også av dei andre produkta til Brødrene Blindheim. Dei fekk innpass i fjerne land, og selde mykje til både USA og Japan, t.d. av eit klaffespisebord.

På grunn av endra dollarkurs vart det etter kvart tyngre å selje utanlands. Verksemda vart pressa attende til den trongare heimlege marknaden. Fabrikken vart utvida med eit tilbygg på 20x12 meter i to høgder i 1962. I 1973 gjekk verksemda over til å bli aksjeselskap, og namnet vart endra til Brødrene Blindheim A/S.

Då styresmaktene lanserte nye føresegner for produksjonsmiljøet i industribedrifter i 1977, fekk Brødrene Blindheim ein del pålegg om endringar. Lakkeringsverkstaden måtte gjennom ei heil omlegging. Utbetringa kosta verksemda ein halv million 1978-kroner. Denne kapitaltappinga vanskeleggjorde ei nødvendig driftsrasjonaliering.

Elles byrja Blindheim-brørne å nærme seg pensjonsalderen. Difor fann dei ut at dei ville trappe ned. I 1981 vart bygget selt til Solvang Møbler A/S.

Også etter at det vart slutt med industriproduksjon i fabrikkbygget, har det vore aktivitet der. Ei tid, i 1990-åra, hadde Sykkylven vidaregåande skule arbeidsmarknadskurs i lokala. Dei siste åra har bygget vore tilhald for ulike bedrifter som driv med nettsal av fritidsprodukt.

Kjelde