Breivassflotti (Bykle gnr 2/3 og 9)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Breivassflotti (Bykle gnr 2/9)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Breivassflotti
Breive 69 - HFB I 126.jpg
«Ved Breivestølerne i Bykle» noterte fotografen August Abrahamson på dette biletet, som er teke på støylen Løbakken. Dei avbilda personane er ikkje identifiserte. Men det er då i alle høve eit godt bilete, og som me kjem til etter kvart meiner me at dei fyrste som budde fast på Breivassflotti heldt til på denne staden. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Stad: Bjåen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 3 og 9
Type: Fjell- og heieigedom

Breivassflotti er ein fjell- og heieigedom på kring 30.000 mål på austsida av Breivatnet. Opphavleg gjekk han ut frå Hovden, bnr 1, og er difor ført under gnr 2 i matrikkelen, men han har høyrt til Bjåen i meir enn 150 år.

Eigedomen var på handel fleire vender frå slutten av 1700-åra og frametter. Ein som åtte han eit bil, helst frå 1787 og heilt sikkert til 1806, var Olav Nilsson Husevoll, som me trur budde på Breivestøylane eit par-tre år, fyre han flutte åt Ørnefjødd i 1790. Ein kan lesa meir om han i bolken om det bruket. I 1797 drog han vidare til Innistog Løyland, og budde der då han selde Breivassflotti til Tjerand Tjerandsson på Hovden i 1806. Då Tjerand selde Hovden seinare same året, heldt han att Breivassflotti, så då den nye eigaren av Hovden selde vidare to år seinare, kunne han ikkje selje Breivassflotti avdi han ikkje åtte det. Omlag på denne tid, ein gong i åra 1807 til 1810, kom eigedomen i hendene på Øystein Hovdestad og Aslak Botne i Vinje, som i 1807 også hadde skaffa seg hand om Der sø og Nordgarden i Breive. Utan at me torer vera heilt sikre på det, tykkjest det sannsynleg at dei kaupte hjå Tjerand Tjerandsson.

I 1843 kaupte Knut Knutsson Breive på Midbø Breivassflotti av ervingane etter Øystein Hovdestad og Aslak Botne for 400 speciar, og same året vart eigedomen matrikulert for seg sjølv med bnr 3 under Hovden. Etter at Knut Knutsson var død i 1857 gjekk Bjåen, Halsebeitet og Breivassflotti til Bjørgulv Knutsson, som sidan flutte åt Bjåen, og etter at Bjørgulv var borte vart eigedomen dela mellom Såve og Knut Bjørgulvssøner, me meiner at det var kring 1885. I 1932 overdog Såve den ideelle halvparten sin til sønene Bjørgulv og Olav. Då Aslak Såvesson sette opp Bjåen fjellstoge i nordenden av eigedomen i 1938, og også overtok ein teig kring fjellstogetomta til jordbruksfyremål, var det etter avtale med brørne. Me kjem attende til Aslak og Fjellstoga i bolken om den verestaden. Då Bjørgulv døydde i 1948 overtok Svein den ideelle fjerdeparten hans. Olav sat med parten sin til han i 1993 overdrog han til Sigurd Aslaksson.

Den andre halvparten av eigedomen, som hadde høyrt til Knut Bjørgulvsson frå ca 1885, vart i 1938 overdregen til Bjørgulv og Torbjørn Knutssøner. Torbjørn sin fjerdepart vart utskilt som eit bruk for seg sjølv, men fekk behalde bnr 3 under Hovden, medan dei tre fjerdepartane som sidan høyrde til oppsitjarane i Bjåen i sameige fekk bnr 9.

Bjørgulv sin fjerdepart gjekk vidare til Knut Bjørgulvsson i Sud i stoga Bjåen, medan Torbjørn sin fjerdepart sidan gjekk til son hans i Edland, og dinest til son hans att. Endå her ikkje budde nokon fast anna ei kort stund på 1700-talet, og sidan frå 1938 og frametter, har me valt å taka soga om denne eigedomen noko nøye. Grunngjevinga for dette er at utviklinga her hatt mykje å seia, både for næringsgrunnlaget i Bjåen i det heile og for framvoksteren av den neste verstaden me skal handsama (Bjåen fjellstoge).

Halvor O. Breive (1884-1963) og Torbjørn K. Bjåen (1890-1974) på bytur i 1915. Hit frå Ingebjørg Vegestog.
P.B. Frøysnes (1915)


0941 Bykle komm.png Breivassflotti (Bykle gnr 2/3 og 9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nor i stoga • Neste bolk: Bjåen fjellstove