Breskhaugbakken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Breskhaugbakken sett vestover med den tidlegare skulestova øvst i bakken.
Foto: Roy Olsen (2017).

Breskhaugbakken i i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå Lundevegen til Vestigard og Østigard Eikja. Det går og ei grein nordover til Eikjarud.

Vegen har namn etter tidlegare Breskhaug skule som igjen hadde namn etter lokaliteten Breskhaug der skulestova blei bygd og sto dei fyrste åra.

Da Eikjabygda fekk fastskule midt på 1860-talet blei det sett opp ei skuestove på Breskhaug. Dette er ein haug, eller eit skjer, der det veks mykje bresk, som ligg på jordet mellom gardane Eikja Østigard og Brenne. Dette høyrde til Eikja Østigard (gnr. 62/2). I 1888 blei skulestova flytt til Eikjahamna (Østigardshamna) i bakken mot Eikjarud, men framleis kalla Breskhaug skule. Staden der skulestova fyrst stod, blei nå kalla Gamle-Breskhaug, mens den nye husestaden fekk namnet Breskhaug. Før 1888 kalla ein denne staden for Østigardshamna.

Før Lundevegen blei anlagt, gjekk vegen frå Bø til Eikjabygda over Breskhaugbakken, ein del av vegen mellom Eikjabygda og Bø.

Breskhaug skule, eller Eikjabygda skule som var det offisielle namnet, blei nedlagd i 1995. Den gamle skulestova står i dag som nr. 23 i vegen, er bygd på og teke i bruk som bustadhus.

Eigedomar

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart.
  • Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid.
  • Bøsoga III, Bø skulesoge 1739–1989 ved Stian Henneseid. Bø kommune 1988.
  • Opplysningar frå Kari Hegna Tengesdal.
  • Status for SEFRAK-registrerte bygninger, Bø kommune, Telemark fylke 2004.


Koordinater: 59.38627° N 9.04194° Ø