Kjeldearkiv:1894-09-26 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1894-09-26 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 26.9.1894
Stad: Minneapolis
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 106
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Argo 26de Septbr. 94.

Kjære Ivar!

Eg er ikkje kome meg etter Ræddaga enno, anna held eg er dilderhændt, men eg lyt freista kusser. Meina du ikkje, han Ola, Tosken, skremde mest Live av meg no nettupp. Eg meinte eg skulde gjera ’om væl imot aa reisa langt [...] ut i Villmarkje til Argo med Post aat om Ola. Eg kan ikkje sleppa ut før Kl 7, og da er det svart som i ei hit her i Minneapolis. Eg kom godt og væl aat Argo men Hr. Kapteinen var ikkje heima og Falderebet var dregje upp. Eg ha nok Lykjel aat Kahytta, men eg lika ikkje viar aa liggja einsleg svarte Natta her langt uttafor Folkeskjikken. Det var ikkje onnor Raad, eg laut drista meg inn lell og knuvle paa Lampa. “Kahytta” er over all Maate koseleg. Ho staar ikkje attende for Tolstadbua ved Flatningen, naar ein berre kunde la vera med aa hugse paa at ein var midt i dette Røvarlande. Eg freista emna paa eit Argusbrev aat “Dølen” naar eg sat her kor som var, men det gjikk ikkje. Eg vart berre sitjan aa lya og naar Vinden ruska i Segle held Muse studerte Avisun vore under Brisken, so var eg i ville Være. Korleis han Ola kan halda ut her moende einsleg Dag og Nat, det er meir held min Begripels kan greie, men so finst det no vist ikkje Nervo skapt i Skrotte hans Ola heller, sovidt eg skjønar. Muse ber te lesa Avisun sopas høgt, at eg – – – og tilsidst tok heile Skuta paa rugge; det dunka i Veggje og rykte i Segla, og eg sat berre aa venta paa faa sjaa ein blank Revolver i kvart Glashole. – Du kan veta, det var berre han Ola, [...] som var komen att og skulde halde Ablegøier med meg. Men altså: Eg har lovleg Orsak te aa vera dilderhændt etter dette her.

Nei, takka meg Tolstadbua og Bønneslia da likevæl. Ein trong no ikkje ottast for Live der. Men her? Ja um det er alder so trygt, og um ein ikkje eig ein rau cent og la noko røva fraa seg, so kjenner ein seg alder trygg kusser. Naar ein da ikkje har Nærvemento af Staal og slikt, som han Ola – og Doktor Daae.

Argusbrev aat Dølen vart det altså inkje av. Det blir i det heile ingenting. Eg gaar kjediger med ei Salve aat “Den 17de” au men nei, ho vil ikkje ut. Bønneslibreve dit i Dølen laag eg og han Ola og naut af ganske Hjærte her ute i Argo. Vi venta Gjeitbreve dit i Dag men det kom ikkje. Ja, det er vel forseint no aa bea deg fara litt varlegt med Gjeiten, men dersom du heldt det, du lova i fyrste Breve so jaggu skal du faa med meg aa geskaffe. So vidt du veit det. Men la os faa fleir av dei Bønneslibrevom. Eit for Vika Aare rundt!

Og “Gamle Daga” gaar vi aa venta paa kvar Dag. Ho maa no vel koma te Jul seinaste? Det trengjer seg fram paakar Maale heime no, ser eg. Norsken i det heile, baade i Tankje og Tale. “Den 17de” tek eit godt Tak. – Og so Sæteravhandlingi di, som gaar attende til 1401, ut med ho! Ja, naar eg no fær fyllt meg upp med “amerikanske Forholde” eg au, til eg er mest sprikkfærug, so kjem eg ruslande heimatt, og da legg vi os te uppi Bønneslin og skriv upp alt det Bleke som finnst paa Krambuom uppover Dalen – lagar noko [...] Storværk av det, veit du. Og han Ola fylgjer med og tek paa seg Illustrationerne. Han Oluf Saastad har altid noko Krit og Oker og Erde og slikt.

Med Amerika er det ikkje Botvon længer. Brand og Orkan og Dollarfyrster legg det heile øye. Snart blir det vel ikkje att anna held ei uhorveleg Sahara av heile Herlegheita.

Mine indre Forholde sia sist? Aa dei er altfor klurute te greia ut i eit Argobrev med Blyant. Eg ligg her og slit for Maten med noko Aviseri. Eg baska og “redigerar” so mange Blad, at neiggu um eg veit Tal paa dei. Her til lands drivst all Ting fabrikmæssigt, veit du, ogso Aviserie. Bladfirmaet vaart gir ut ein 6–7 Blad, og der sit vi tvo Mann og smør ihop heile Smelta. Sume er republikanske og sume populistiske, sume heiter norske og sume danske. Eg ruskar no mesta i “Heimdal” som har den Eigenskapen, at han er baade norsk og populistisk (Vinstreradikal). Eg kunde sende deg han men neiggu um han er værd Fragta. Sia er det “Ugebladet”, “Farmerjournal”, “Chicagoposten”, “Sioux City Tidende” og “Familie-Journal”, “Scandia”. […] For aa klina ihop alt dette, burde ein i eit so rikt Land tena meir held Maten. Men um eg no ikkje blir feit av det so er det ein [...] glup Maate aa “koma inn i Forho[l]dene paa” og eg lærer mange Ting, som kan koma godt med næste Gong, eg snakkar med Doktor Daae. Eg vil segja han beint upp i Augo, at eg har eit og anna aa fortelja um amerikansk Humbug, kor grøn eg er i Landet. Men det gaar ikkje so lengje eg maa halda Kropp og Sjæl ihop formedelst denne Humbugen. Av Humbugen altso. Hellest veit du det er Moro iblandt au, ikkje for det.

Saa – eg kan ikkje hykja meg ned ein einaste Gong utan at han Ola skal rita meg ned paa ei held onnor Vis. Ein Dag ha eg Ærend bakum ei Buske i Einslegheit, og som eg kom inn i Kabyssa, hekk eg jaggu paa Veggen Liv livande med – – – No ha han vore ute med Strøkom sine att. Sjaa her er Fjæset.

Meir sia! – Skriv! Julebreve dit er ikkje kome fram.

Helsing aat deg og dine fra[a]

Ola og Xian.

1407 Sout 8th Str Minpl.