Kjeldearkiv:1886-02-21 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1886-02-21 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 21.2.1886
Stad: Seljord
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 2
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet Vågå
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Midbøen 21de februar 1886.

Kjære ven!

Um eg ikkje misminnes, so lovad eg i førre brevet å senda deg nokre ord att på torsdag var; det vart då ikkje av og det fær du tilgjeva – du lyt lære deg til, ikkje å taka det so nøgje etter mål og vegt med meg, for eg er i mange måtar ein stor slurv.

Ja, det er no so endeframt å bedja um årsaking for sit eigjet slurv, men det er lite vandar å tilgjeva andre; no sit eg her med von um, å få nokre ord att frå deg idag – kanhende du har funnet, at du ikkje turvte skunda deg med å skriva pånytt og so gjer eg reikning foruttan vert, so vert eg lang i anletet og – gretten. Slik er ofte verdens gang.

Men kva skal eg no endeleg skriva um idag – det er og eit spørgsmål, som det ikkje går an å gå forbi. Tru skul eg gjeva deg ei av mine hugsåre “livsbetragtninger”? – det fær då vera tilslut, um so er; elles er du sikker um, å koma til, å gjera kjennskap med dei saker seint eller tidlegt i brevskiftingi vor, for eg har so god råd på det slaget. No for det fyrste er det fulla best, at eg held meg til skulen og byrjar med å helsa frå heile, heile “auditoriet” og då særleg frå Hansen, Knudsen og – Marie Klovdal som eg skulde bedja so vakkert frå, um ho fekk byte fotografi med “Mons”.

Igjårkvell hadde me fest på skulen, kaffelag med 2 gonger kaffe; innbodet var den vanlege krins av bygdafolk og me hadde det kvikt og huglegt med leik og dans og fleirstemmug sang tilslut. Eg kom heim att kl. 1 ½ og no er eg noko tung i augom idag. Det særeigne ved denne festen var no elles det, at han hadde å kalle eit dubbelt mål – “en dobbelt karakter” – ja det var igrunnen 3 ting me siktad etter. Fyrst då, som alle veit å “moro” oss; dinest reiser Herborg Utne, Gjøa Lofthus og Marie Klovdal imorgon og for deres skuld var laget altso attåt avskedsfest. Men det tredja og det største føremålet det var no å trassast lite med “intelligentsen”. No skal du høyra: her skal vera eit stort præmieskirenn den 24 for det heile lann og hit kjem det då ein heil hop frå Kristiania, Drammen og frå bygderne kringum. Etter laupet skal det vera ein “seksa” på Bjørge som fru Valle[1] no ei veka hev kjøyrt att og fram for å “arrangere”, sume gongo fer ho med ein hest og sume gongor med tvo, fyllt heile sleden med hjælpare og hjælpars hjælpare. Der er innkjøpt kalvar og fuglar, stuten er slagtat, cognak og øl og krims og krams og krus og krås er kjøpt – alt, som skal til åt eit regtugt aristokratiskt lag. Kontingenten er sett til kr. 4,00 parret, etter som Mortensen[2] sa, for at ikkje simpelt folk skulde koma og forpeste lufti; “plebeierne” lyt vera frå, ser du. No vart me skulegutar samde um, ikkje å ganga dit ein einaste aukje, men so var det knuten, å få jentorna au til, å lata det vera for me viste, at sume vilde verta innbodne. Me baud dei då, å gjera detta laget igjårkvell og, at dei skulde få gå fritt, når dei vilde lata Bjørgefesten vera. Og det skreiv dei under på. Me fækk oss no eit lag so hugsamt, at det på ingen måte vil verta so morosamt på Bjørge, ikkje for “plebeiere” då, for du veit, at der kjem det til å gjera seg ein stiv “ettiket” gjeldandes. Å ja, du kan so segja! her gjeng rygter um, at 2 av prinsarne[3], som nett no er i byen, og skal koma hit upp i Seljord å sjå på skirennet; truleg er det berre eit laust rygte, men det kan godt hende. Det kunde verta stas det! Eg trur eg vilde bøygja meg ned å kyssa staden, der prinsarne hadde stått i snjogen! Når eg næste gong skriv, so skal du få nøyagtug greida på heile laupet frå fyrst til sist, i “parantes” skal eg leggja til, at futen[4] og doktaren[5], som stend i brodden for det heile hev tiggt hs. majestæt og centralforeiningi um præmietilskott!!

Ved skulen gjeng allt i sama faret; mandag vert me att berre 16 stykkje, 7 jentor og 9 gutar; me vert so få på salen no, men alt som me minkar ihop på talet er det mest som me veks ut i hjartelag og sjøl slike istappar, som gamle lensmann Østmo, kan kjenne det gjeng som ein sår tone gjennom brjostet, når han tenkjer på den stundi, då han skal taka dei i handi siste venda dei, han er ilag med her. Eg har so halvt løta lovat Knutsen å vera til den 15de marts; men kan eg riva meg laus førr lyt eg gjera det; for eg skulde snart voret heima, for å halde greida med mine efterladenskapar.

Ja, heim! Kor det vil falle turt og kjeidt og åndlaust å løta byrje med fæhandel og jeithandel og handel med gardsambod og laust og fast og alt mogelegt og umogelegt! Og kor eg vil koma til, å minnast Seljord! Og so dette: kva skal du no taka deg til med i verdi? Ja no, etter at eg vart einsleg att her på Midtbøen, har dette spørgsmålet krjopet fram atter jamnan; tanken på, at eg alt har livt mine rikaste ungdomsår og ikkje å kalle har utrettat 4 skillings gagn i verdi, legg seg so tung over meg; ungdomens eldhug kverv meir og meir burt, det vert meir den kalde pligtskjennsla, som skal bera mit arbeid og då fell det so mykje tyngre. So vert det ikkje lett å riva seg laus frå heimen helder; eg er som grodd fast med dei allerfinaste hjartetæger i heimsens jordbotn – og so alle dei luftslot, gjyllte luftslott, alle dei lokkande ungdomsdraumar um ei fager, ljos, lykkeleg framtid i heimen som eg drøymde i mine varmaste vårdagar! Og eg har, diverre, til i seinare tid livt altformykje på desse draumar! No brest dei, ein for ein og eg tæk til, å misse trui på nokor heimleg og husleg lykke i livet; eg veit ikkje korleis det er, men eg kjænner meg ofte so sliten og sår, so inderleg kjeid av all ting, inderleg missnøgd med meg sjøl frå “isse til fodsåle”. Mi barnetru, som førr låg som den faste grunnvolen eg bygde mit liv på, ho vil ogso svigte meg og eg står her i mangt so uklår og vaklande – alt er som ei svigtande bru, som trugar med å bresta so eg vert liggjande i vattnet. Eg ventad å fått løyst sume av dei tvil, eg plagas med, her på Ullmanns skule, men dei vart snarare aukad; eg innser no, ein sjøl her lyt kjempe seg fram til det, ein med full sanning kan segja ein trur på, antel det so vert kristendom eller det, som dei kallar heidendom. Men eg tør ikkje gjeva deg altforsterke prøvor på dei hugsjuke rider, som ofte gjeng over meg og eg skal derfor lata det vera med desse, dennegongen.

Net i dette augneblink kjem Lars Håheim med brev frå deg – takk skal du ha! tusen takk! No ja, eg kan so godt skyna, at du ikkje kan annat, enn lengta både etter Seljord og Norrig i det heile, enno. Likeso kan eg forstå, at du saknar ein “grovkornet” gudbrandsdalsk skjemt som både eg og du lyt ha, trur eg skal me vera friske; og me tarv alder tru, at me saknar meir alvor og hjartelag me, enn danskarne difor, um me soleis i umgang kryddar ord og handling med noko “gevorpent”, imillom. – Igjårkvell på salen kom eg for fyrste gong i ei skapleg røda med Mathilde Eriksen og imillom alt annat snakk hadde me då deg på horni i lang tid; eg freistad då, å gjera greida for plani med di Danmarksreise sogodt eg hadde uppfattat deg; under samrøda let eg ogso falle eit ord um, at eg trudde du hadde anlæg for senen for komiske rollur. Det sama trudde ho og – når “tvaug” so store væsen er einuge um ein ting, so er tingen værdt å tenkja på, og difor kastar eg denne tanken laust ut her – kunde du ikkje reflektera lite på denne tingen? – Seinare snakkad me lengje um Hans Jäger og Kristiania-Bohêmen; som du nok hugsar fordømde Ullmann ivinter i stærke ordlag denne boki og yttrad at regjeringi gjorde sin rett. No har Ullmann i eit møte i studentarsamfundet voret med å uttala i ein “resolution” sin “avsky” for beslaglæggjingi[6] og i ei tale sagt at bokje var alvorlegt skriven i ei alvorleg meining og for eit moralskt mål; væl nok innheldt ho mykje svineri som han ikkje ynskte gutar og jentur på 14–16 år skulde få fatt i og han trudde, at boki hadde verkat meir til det gode, um dette hadde voret burte. Men det var likevæl bra, at boki kom sopass ut, som ho gjorde so ålvorlege folk kunde få lesa ho; han heldt for, at når regjeringi viste um, at slike ting, som boki skildrar, gjeng for seg i Kristiania, burde dei ikkje hava lagt beslag på boki, men gripet inn med kraft mot svineriet. Math. Eriksen fortalde, at Jäger hadde voret inne hjå Ullmann og gråtet over sin misste uskuld og rasat mot samfundet, som kan halde slike ulukkelege forhold uppe, som dei, som hadde øydelagt han. Jæger vert trulegt dømt i 9 månars straff, misser levebrødet sitt og vert soleis ein aldeles øydelagd mann og Ullmann gruvad for, at han kom til å leggja hand på seg sjøl.

Når eg kjem til Kristiania skal eg på ein eller annan måte prøva å få lesa Jægers bok og då skal eg altid gjera deg lite kjænn[d] med innhaldet.

Torsdag skal du få ein “epistel” att med ei “hjertebrækkende” melling frå skimøtet og meir slikt. Stykkjet til “Frihug” skal verta sennt T. Vå, som no saman med Marie Goverud er redaktør. Hels Svane! Helsing frå alle på “Overhuset” og Midtbøen! Men den varmaste helsing frå

din Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Gunda Wilhelmine Walløe.
  2. Ivar Mortensson-Egnund.
  3. Prins Oscar og prins Carl.
  4. Frederik Hauff Walløe.
  5. Henrik Boberg.
  6. Jægers bok Fra Kristiania-Bohêmen kom ut 11. desember 1885 og vart beslaglagt etter ordre frå Justisdepartementet dagen etter. Tiltale vart reist 24. desember. Den frisindede Studenterforening vedtok ein avskyresolusjon mot beslaglegginga 27. januar 1886. Ullmann var med på resolusjonen.