Skonnert

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Brigentin»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein typisk toppseglskonnert frå 1760-åra.

Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. Dei tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei to- og tremasta skonnertane skil seg ut frå briggar og barkar ved at stormastra primært er sneiseglrigga.

Ein skonnert kan riggast på ei rekkje ulike vis: Den reint sneiseglrigga skonnerten blir kalla slettoppar og har berre gaffelsegl og stagsegl. Slettopparane kunne mot slutten av seglskutetida ha opptil sju mastrer. Toppseglskonnerten er sneiseglrigga, men har i tillegg eit skværsegl (råsegl) på fokkemastra, og ofte òg på stormastra.

Ein skonnertbrigg eller brigantin har to mastrer, med skværseglrigg på fokkemastra og sneiseglrigg/gaffelseil på stormastra. Fokkemastra er tredelt med mers og stormastra er todelt med saling som typisk for skonnertriggen. Dette er såleis ein blandingsrigg og han har ôg vorte kalla «hermafroditt-brigg» og «halv-brigg». I norske 1800-talskjelder er skonnertbrigg eller brigantin oftast kalla «skonnert», noko som har ført med seg mange misforståingar. Misforståingane kan vera at ein går ut frå at båten er omrigga, og i leksikon er denne blandingsriggen gjerne fremstilt som rein skonnertrigg.

Tremastra skonnertar med skværsegl på fokkemastra og sneiseglrigg elles blir kalla skonnertbark, skonnertskip eller barkantin.

Galleri