Brotateigen og Eitrheimsvegen 25 i Odda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bondekulturen er like bak fasaden i Brotateigen. Platebutikken til Bessie låg i det minste huset, Eitrheimsvegen 25.
Foto: Harald Hognerud (2004)

Brotateigen og Eitrheimsvegen 25 i Odda. Livet i Brotateigen i Odda har alltid vore prega av handverk, handel, båtar og trafikk. I dag er det Anna Maria Kråkevik som eig Eitrheimsvegen 25. Ho har restaurert det gamle, vesle huset med stor omtanke og tatt huset og miljøet her «på alvor». I bladet Lev Landlig, mars 2009, kan du bli med på besøk til Anna Maria og kikka på detaljer frå huset og gammalt handverk.

Ei anna dame som har gjort Brotateigen levande for ettertida, er Anna Digranes som var født her i 1912. Saman med Odda Industristadmuseum (no NVIM) gav ho ut heftet Anna frå Brotateigen - eit Odda-minne i 1990.

Handverkarmiljø

Husa i Brotateigen er for det meste bygde i 1890-åra og rundt 1900. Odda vaks då raskt som eit populært turistmål og det gav grunnlag for arbeidsplassar og små firma. Det var handverkarar som bygde hus i Brotateigen. Fleire var husmannssøner frå Digranes litt lenger ute i Sørfjorden. Tomter kjøpte dei frå garden Bakke som kunne unnvera dette bratte og lite solrike området som låg godt til for handel og vandel. I mange år dreiv Bessie Winterthun ein liten butikk i nr 25 i Brotateigen. Ho selde aviser, blad og musikkplater. «Platesjappo» til Bessie er nesten blitt udøyeleg etter at forfattaren Frode Grytten skreiv om ho i romanen Bikubesong. - Både butikken og Bessie var i miniatyrformat.

Tømra og tradisjonelt

Husa har ein enkel og tradisjonell form med element frå sveitserstilen; taket er trekt litt ut over gavl-veggene og har pynt mellom bjelkane i mønet. Takbjelkane er også pynta i endane som stikk ut under takskjegget, - det er skore ut mønster i dei.

Dei fleste husa i Brotateigen er tømra av lafta plank og kledde med panel. Vindaugslistene var vanlegvis malte i kontrastfarge til veggen. Alle husa har inngang frå baksida.

Innvendig er romplanen tradisjonell: gang i midten med trapp opp til 2. etasje, kammers (spiskammers eller soverom) inn til høgre eller venstre og kjøkken inn på motståande side. Dei to stovene ligg fram mot gata. Byggeteknikken med lafting er ikkje så fleksibel og denne inndelinga var derfor vanleg og praktisk.

Gata bak gata

Husa i Brotateigen har trapp opp frå Eitrheimsvegen, men ein kan også gå frå hus til hus på baksida, for her går «Småget» (smauet/smal gate) forbi. På oppsida av Småget ligg uthus som kunne romma verkstad, utedo, skytja eller vedhus og andre «utrymme» med plass til høns, gris og andre former for matauk i vanskelege periodar. Hagar med grønsaker og bær hadde dei og i brotet. Avstanden til bondesamfunnet var liten her midt i byen.

«Syskenbarn» på Bakke

Husa i Brotateigen har eit «syskenbarn» på Bakke. Det gamle huset i Skjelmhauggata 14 ved Bokkotunet, er nokså likt og er frå same periode som husa i Brotateigen, - 1890-talet. Også i Skjelmhauggata høyrde det eldhus til huset. Men dette måtte vika plassen for eldresenteret Bokkotunet.

Brotateigen i dag

Det meste av den opprinnelege bygningsmassen er intakt og det er framleis eit svært spesielt og heilskapleg bygningsmiljø. Politisk har ein lenge vore samde om å ta vare på og framheva Brotateigen. Tradisjon og fornying skulle vera to sider av same sak. Målet var at trafikken skulle bort i størst mogeleg grad og at handel, menneske og handverk kunne prega strøket. Dette har ein så langt ikkje lukkast med å få til.

Nokre av huseigarane har satsa mykje på å få fram det spesielle ved det tradisjonsrike området og husa som no er godt over hundre år gamle.


Koordinater: 60.0694272° N 6.5431223° Ø