Brynjel Andersen Gjerager

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brynjel Andersen Gjerager (fødd 1761Voss, død 27. januar 1838 same stad) var bonde, og vart i 1814 vald som representant for Søndre Bergenhus amt til RiksforsamlingaEidsvoll.

Han var fødd på garden Gjeråk, der foreldra var gardbrukarar. Faren heitte Anders Brynjelsson (frå Gjeråk) og mora Gudve Knutsdotter frå Rykke. Brynjel Gjerager gifta seg på Voss 10. juni 1788 med Ambjørg Larsdotter Takla (døypt 27. oktober 1759, død 11. januar 1838). Ho var dotter til gardbrukarparet Lars Andersson og Anna Gullaksdotter på Takla. Brynjel og Ambjørg fekk tre born, og dei har mange etterkomarar rundt om i Noreg. I folketeljinga 1801 budde Brynjel og Arnbjørg på Gjerager i Voss med dei to eldste borna; den yngste dottera vart født i 1802.

Brynjel var fyrst ein kortare periode paktar på Øvre Li i Voss, seinare på Helleve i same bygda, til han tok over farsgarden om lag 1794.

I heimbygda var Brynjel Gjerager forlikskommissær og prestens medhjelpar, og det er elles fortalt at «han innehavde alle de tillidshverv, bygden dengang havde at råde over» (sitert hjå Koht).

Ved valet il riksforsamlinga på Eidsvoll vart Gjerager 3. deputerte frå Søndre Bergenhus amt, etter soknepresten på Voss Georg Burchard Jersin og sorenskrivar Arnoldus Koren. Koht framstiller det slik at det var Jersin som under valforsamlinga peikte ut sitt soknebarn Gjerager som amtets bonderepresentant. Under forhandlingane på Eidsvoll stemte Gjerager med Sjølvstendepartiet.

Kilder og litteratur

Eksterne lenker