Bud kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Bud kyrkje
Budkirke-HH-08.JPG
Bud kyrkje.
Foto: Halvard Hatlen.
Stad: Bud
Byggeår: 1717
Endringar: Restaurert 1830-åra
Kyrkjegard: Bud kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Møre
Prosti: Molde domprosti
Prestegjeld: Fræna, tidl. Bud
Fellesråd: Fræna
Sokn: Bud
Materiale: Tømmer
Tårn: Løkforma kuppel
Sitteplassar: 250

Bud kyrkje er ei korskyrkjeBud i Fræna kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1717 og bygd i treverk. Kyrkja blei restaurert i 1830. Ho har 250 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Bud har vore kyrkjestad sidan høgmiddelalderen. Tidlegare stod det ei stavkyrkje på staden, men den brann ned i 1709 etter eit lynnedslag. Nokre år seinare vart korskykje innvidd, i 1717. I 1832 brann det igjen i Bud kyrkje og kyrkja fekk då den laukforma kuppelen.

Under den andre verdenskrig vart tårnet tatt ned av tyske soldatar. Grunnen var at tårnet var til hinder for Ergan kystfort som låg like ved kyrkja. Tårnet vart oppbevart på ei låve til det vart sett på plass igjen i 1950.

Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.

Kulturminneløypa

Bud kyrkje er eit av stoppa på kulturminneløypa gjennom Bud‎. Kulturminneløypa inngår som del av Kulturminneåret 2009.

Eksterne lenker