Byrteosen hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Byrteosen hotell kring 1900.

Byrteosen hotell låg i Byrteosen i gamle Mo kommune - i dag Tokke kommune. Namnet vert også skrive Børteosen Hotell.

Historikk

Hotellet blei bygd av Karl Edvard Larsson Brudal i 1890-åra.[1] Dette var det fyrste hotellet ein kom til når ein reiste frå Dalen til Haukeli. Det var bygd som vanleg stolpereis i to høgder.[2] Hotellet står omtalt i Yngvar Nielsen si reisehandbok frå 1893.[3] I 1908 nemnast ikkje lengre Byrteosen som hotell.[4]

På slutten av 1800-talet var ikkje vegen langs Byrtevatn ferdig som køyreveg. Transporten gjekk difor mykje med båt over vatnet. Knut Austjorde hadde laga ein stor båt med kjøl og to åregangar til å frakte reisande over vatnet. Båten kunne ta 20 personar.[5]

Kor lenge Byrteosen hotell var i drift er usikkert. Truleg blei hotellet lagt ned på den tida då vegen stod klar, og Byrte Hotell blei bygd. Byrteosen hotell blei i alle fall rive, og i dag står berre murane att. Desse kan ein sjå innanfor Byrtedammen når vatnet er lågt.[6]

Byrteosen hotell kring 1901.

Referansar

  1. Grimdalen, 1996, s. 99.
  2. Christenson, 2019, s. 70.
  3. Nielsen, 1893, s. 85.
  4. Nielsen, 1908, s. 86.
  5. Christenson, 2019, s. 70.
  6. Christenson, 2019, s. 71.

Kjelder

  • Christenson, Ragnvald, Ferdsla over Haukeli og dei gamle hotella frå Dalen til Odda, Eige forlag, Telemark Trykk AS, Notodden, 2019.
  • Grimdalen, Olav, Mo bygdebok : kultursoga. B. 2, Dalen, Tokke kommune, 1996. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Nielsen, Yngvar, Reisehaandbog over Norge, 7., omarb. og betydelig forøg. Udg., Christiania : Cammermeyer, 1893. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Nielsen, Yngvar, Reisehaandbog over Norge. I: Det søndenfjeldske Norge, 11. udg. Christiania : Cammermeyers forlag, 1908. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.