Cille Gad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gateskilt på Cille Gads plass i Bergen. Foto: Mads Iversen, 2007.

Cille Gad (ca. 1675 - 1711) var fødd i Bergen. I si samtid vart ho rekna mellom dei mest lærde kvinnene i Norden. I 1705 vart ho dømd til døden for barnedrap. 

Eit språkgeni

Cille Gad var allereie frå barnsbein av eit språkgeni. Ho skal ha vore berre fem år då ho pløygde seg gjennom Absalon Beyer sitt store verk "Norgis Rige" - og som femtenåring snakka ho gresk, hebraisk og latin flytande. Ho dikta vers som sjølv ikkje Ovid kunne gjort meir elegant, vart det sagt. Og det blei òg sagt at ho kunne ha disputert med dei lærde herrar på universitetet i København om kva emne det skulle vera - og teke sin doktorgrad med glans. Om ho då altså hadde vore gut.

Like fullt levde Cille Gad eit tragisk liv. Då ho døydde fattig og elendig i København i 1711, 36 år gammal, hadde ho bak seg fleire år i fengsel etter å ha sona ein dom for barnemord. Eigentleg vart ho dømt til døden ved halshogging, men etter mykje om og men vart ho benåda – nettopp fordi ho var så lærd - "for hennes yndelige lærdoms skyld," som det heiter i bøna om benådning.

Ein kjærleg far

Faren til Cille var Knud Gad (d. 1711) frå Danmark. Han hadde ei stilling som regimentsauditør ved det Bergenhusiske regiment, dvs militær jurist. Knud Gad var gift to gonger og hadde fleire born - Cille hadde såleis søsken.

Bøker kunne ein få send frå København, men ein kunne òg få kjøpt bøker i Bergen, såleis i bokbindar Eggert sin boklade. I ei tid då kvinner knappast kunne seiast å ha annan funksjon enn å tena, stella hus og heim og føda born, var det neppe kvardagskost at ein far slepte dottera til når det galdt bokleg lærdom, som Knud Gad gjorde.

Så å seia alt Cille Gad skreiv av dikt vart borte under den store bybrannen i 1702. Brannen førte med seg at familien miste alt dei eigde. Frå å vera såkalla "fattigfornemme" vart dei no lutfattige. I rettsdokumenta frå barnedrapsaken i Sunnhordland blir det notert i eit dokument at då Cille Gad kom i fengsel i 1705 eigde ho framleis berre den eine kjolen som ho hadde hatt på seg under bybrannen tre år før.

Ei kjærleikshistorie

I 1704 kom det eit skip til Bergen. "Zuckermøllen" var namnet. Det var ein hollandsk austindia-farar. Ombord fanst ein mann ved namn Henri Boudaen. Møtet med han skal verta lagnadstungt for Cille. Kjeldene kan fortelja ymist om Henri Boudaen. Han skal ha vore "boutellier" på skipet, dvs. den som tok seg av vinlasta, og kanskje også stuert. Men det vert også fortald at Henri Boudaen var kunstmålar, og at han kunne snakka latin. Det vart rapportert at Cille Gad hadde "selskaberet med mannskapet", og det utvikla seg til eit kjærleiksforhold mellom henne og den verdsvante hollendaren.

Henri Boudaen har sagt at han ville reisa i forvegen, så skulle Cille koma etter. Meinte han det verkeleg - eller var det berre narrespel? Cille sjølv latar i alle fall til å vera heilt overtydd om at det skulle bli slik han hadde lova, at ho skulle koma etter til Holland så snart ho hadde født ungen – det heldt ho fast på under rettssaka.

Men ho ville ikkje føda barnet i Bergen. Dermed bestemte ho seg for å reisa til Tysnes for å få barnet, hos mormora Anna, som på dette tidspunktet var ei fattig presteenke.

Mor til Cille var dotter av Tysnes-presten Abraham Jørgensen (1610 - 1668). Då han døydde hamna enkja Anna på det såkalla "enkjesetet" på Uggdalseidet i Tysnes, der ho levde i særs fattige kår. Dei hadde ingen stor barneflokk - ein son og ei dotter. Dottera var oppkalla etter mora og vart altså gift med auditøren Knud Gad. Me må såleis gå ut frå at Cille stundom budde hos bestemora på Tysnes. Og det var også hit ho sette kursen då ho venta barnet sitt.

Dødfødd barn

Barnet vart fødd for tidleg. I rettsdokumenta fortel både Cille sjølv og andre korleis fødselen gjekk til. Ho fødde ungen i eit rom med andre til stades, men hadde ikkje sjølv skjønt at det var ein fødsel.

Så snart ho hadde kome seg litt, la ho det dødfødde barnet i eit skrin som ho til vanleg nytta til å ha bøker og papir i. Då det var gjort, gjekk ho til tausa og bad henne setja skrinet med den dødfødde på stabburet. Ho ville gjerne at mormora skulle få sjå barnet når ho kom heim frå ei ferd til slektningar i Etne (noverande Etne kommune).

Det vart aldri noko av. Ryktet om det dødfødde barnet spreidde seg som eld i turt gras. Futen på Tysnes, Oluf Lauritsen, bad to nabokoner om å gå dit for å sjå. Dei inspiserte barnet, og melde at dei ikkje kunne sjå teikn til vald på den døde kroppen.

Etter dette gravla Cille barnet.

Men så skjer det - no slo futen om. Han meinte at Cille slett ikkje hadde gjort nok for å berga livet til den nyfødde - ja, at ho berre har late det døy med vilje. Dermed vart Cille Gad stemna inn til avhøyr på futegarden. Førebels var dette ei lokal sak, men ho må likevel ha vekt ein viss oppsikt i distriktet. I Bergen skal ho allereie no ha vore på alles lepper. Ikkje så rart - ho har nok frå ho var lita vore ein kjend og særeigen original i byen. Kvifor reiste ho ikkje etter kjærasten sin til Holland? Cille forklåra i retten at meininga var at ho skulle føda barnet og deretter reisa til kjærasten i Holland. Futen er no i tvil att, men sorenskrivar Peder Heiberg vel likevel å oppretthalda skuldinga om overlagt barnedrap.

Dødsstraff ved halshogging

Klaga om barnemord vart ført vidare til lagmannen Niels Knag, og no vart ho dømd til døden. 3. juni 1705 vart det av judex provinsiales avgjort at ho skulle "miste sin hals". Ho var ikkje til stades sjølv når dommen fall. Ho har vorte for sjuk til det - "hun er blevfen heel disperat", heiter det. Faren møtte i hennar stad. Han må dessutan hatt vener til å hjelpe seg. Saka vart ført vidare. Oberhofretten og høgsterett i København heldt fast på dommen. Cille Gad var skuldig i å ha teke livet av ungen sin, og ho skulle mista livet. Slik gjekk både to og tre år. Saka hadde no vekt kolossal oppsikt over heile Norden. Ikkje minst i dei lærde krinsar i kongens København. Det hadde alt lenge gått gjetord om den utruleg store lærdomen hennar.

Cille sat i fengsel all denne tida, på Askøy (noverande Askøy kommune) utanfor Bergen.

«dette menniske huisz yndelige lærdom saaledesz at skulde spildesz”

Det vart den danske akademikaren og polyhistor Otto Sperling d.y (1634-1715) som fekk sett Cille Gad fri frå fangenskap. Sperling arbeidde på denne tida med eit bokverk om Nordens lærde kvinner, og her ville han ha Cille med. Slik hadde det seg at dei skreiv fleire brev til kvarandre medan Cille sat fengsla på Askøy.

Hausten 1707 skreiv han eit bøneskrift til kongen. Her gjer han greie for Cille sin vanlagnad og uskuld. Ikkje minst, skreiv han, gjekk det han "til hiertet" at ei så lærd kvinne skulle lata livet: «dette menniske huisz yndelige lærdom saaledesz at skulde spildesz os gaar til hiertet».

Og denne gongen nådde bønene fram. Kongen gav henne livet. Han grunngav det med at futen på Tysnes, som først hadde handsama saka og såleis skulle kjenna ho best, i byrjinga hadde fått henne frikjend. I eit brev frå kongen til stiftsamtmannen i Hordaland, datert 6. april 1708, vart benådinga stadfesta av Hans Majestet, som la vekt på hennar "erfarenhed" i det latinske, greske og hebraiske språk. Men, heiter det, ho skal "udstaa Kirkens Diciplin, betale sine Lejermaals Bøter og desforuden til Exempel for andre at forblive i Fængsel et Halvaars tid på hendis egen Bekostning og siden af Landet forviises."

Mellom akademikarar i København

I 1709 reiste ho til København med faren. Dei fekk ei strålande mottaking i det akademiske miljøet. Her skreiv Cille nokre dikt på latin, og ho fekk koma i kontakt med idear og impulsar i samtida. Ho innleidde eit venskap med medisinarstudenten Thomas Jacobæus, som forska på insektauge gjennom mikroskop. Cille skreiv eit hyllingsdikt til han - på latin.

Utpå hausten 1710 byrja det å gå rykte om ei forferdeleg pest. Det vart sagt at svarte skyer dreiv over himmelen, og at det regna blod. Pesten skulle koma til å ta livet av meir enn 20 000 menneske. Mellom dei var Knud Gad og dattera hans.

Inspirasjon til forfattarar

Nokre forfattarar i nyare tid har interessert seg for Cille Gad, mellom dei Elisabeth Aasen, Torill Thorstad Hauger og Cecilie Løveid. I 2002 gav lokalhistorikaren Knut Rage ut ein biografi om henne.

Men det var likevel Ludvig Holberg som var den første til å skriva om henne, med si "Zille Hans Dotters Gynaicologia eller Forsvars Skrift for Qvinde-Kiønnet" utg. 1722. Holberg nytta eit anna namn, Zille Hans Datter, men det er tydeleg at det er Cilla han hadde i tankene. Han hadde nok sett Cille Gad mange gongar, ja, kanskje han til og med kjende ho, eller hadde snakka med ho. I Bergen har Cille Gad fått oppkalla ein plass etter seg.

Litteratur og kjelder

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, b.2 Tysnes sogelag, 1987.
  • Johannes Heggland: Tysnes-soga band II. Tysnes sogelag, 1975.
  • Ludvig Holberg Essays, Epistler, Zille Hans Datter (div. utgåver)
  • Fr. Winkel Horn: Den danske Literaturs Historie fra dens Begyndelse til vore Dage. 1881.
  • Cecilie Løveid: Barock Friise : eller Kjærligheten er en større labyrint : epitaphium dramaticum pro zille gad bergis norvegiæ. Gyldendal 1993.
  • O. Olafsen: Sella Gad (artikkel i Tidsskrift for Bergens Hist. Forening, u.å.)
  • Knut Rage: Gynaicologia : en beretning om Cilla Gads tragiske liv og skjebne : forsøk på en biografi. Setesdalsforlaget 2002. Ebok.utg. ebok.no 2019.
  • Otto Sperling: De foeminis doctis. Publ. København 1721.
  • Frederik Christian Schønau: Cille Gad. Samling af Danske Lærde Fruentimer. København, 1753.
  • A. M. Wiesener: Yderligere oplysninger om Cilla Gad. Artikkel i Tidsskrift for Bergens Hist. Forening 1924.
  • Elisabeth Aasen: Driftige damer : lærde og ledende kvinner gjennom tidene. Pax forlag 1993.