Dølens Framtid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Avholdsemmisær Elisabeth Edland stiftet det første totalavholdslaget i Drangedal .
Randine Solberg ble første formann i det første totalavholdslaget i Drangedal.

Dølens Framtid var eit fråhaldslag som blei skipa i Drangedal 2. desember 1894. Laget var ei lokal avdeling av Det Norske Totalavholdsselskap.

Historikk

Ved skipinga hadde laget 33 medlemar. Det var Elisabeth Edland som fekk skipa laget då ho kom til Drangedal same året. "Ho kom som eit pinsever over avholdssaka i bygda. Det var ein ung frisk nasjonal dåm over henne, og ho reiv alle med seg, serleg ungdomen", skriv Olav Sannes i bygdeboka for Drangedal.

Økonomi

Kontingenten ble satt til 50 øre per år, men vart oppheva i 1901. I 1924 vart den innført igjen, da med 1 krone per år, for å bli satt ned til 50 øre i 1927, før den igjen vart heva til 1 krone i 1941. Laget overlevde på festlige samvær o.l.

I beretningene fra Det Norske Totalavholdsselskap sitt 35. og 39. årsmøte i henholdsvis 1902 i Namsos og 1906 i Risør ser vi at Dølens Fremtid bidro med respektive 10 og 15 kroner til hovedselskapet. Disse summene ser små ut med dagens pengeverdi, men en rask gjennomgang av bidragslistene forteller oss at i gjennomsnitt lå innkomne bidrag fra lokalforeningene på henholdsvis 6 og 7 kroner.

Samlag og forbod

Laget hadde si blomstringstid frå 1907-1914. I 1907 stod heile 335 oppført som medlemar i laget. I same periode kom tanken om å skipe eit eige fråhaldsblad opp, og laget løyvde pengar til dette arbeidet. Bladet blei starta opp, men det varte ikkje lenge før avisa opphøyrde. Det var særleg kring samlagrøystingane aktivitetet tok seg opp.

Prestestranda hadde laget oppsikt med smughandel men alkoholhaldig drikke. Fleire personar blei melde til lensmannen for sal av rusdrikk, men sakene blei stort sett henglagt grunna bevisets stilling.

Ved forbodsrøystinga i 1926 hadde laget førebudd seg godt. Av dei 1796 røystene var 1524 for å oppretthalde forbodet frå 1916. Berre 272 ville oppheve det.

Barne- og ungdomslag

Barnelaget Lykkens Fremtid vart stifta i 1901. Ungdomslaget Ungdølen vart stifta i 1944.

Formenn dei fyrste åra

1894-1899: Randine Solberg. 1900: Gunder H. Tørnes. 1901-1902: Tor T. Holte. 1903: Tor Holm. 1904-1905: Hans E. Hagen. 1906 1907: Thomas Bergene.

Arkiv

Arkivet etter Avholdslaget Dølens Fremtid er oppbevart av Drangedal Historielag. Sjå [Privatarkiv frå Telemark|lista over privatarkiv frå Telemark]] for meir informasjon.

Kjelder

  • Nordstoga, Torvald, Sol gjeng upp - sol gjeng ned : trekk frå edruskapsarbeid i Telemark, Strømmen : Pro Anno forl., 1998. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Sannes, Olav, Drangedal med Tørdal : ei bygdesoga, Drangedal : s.n, 1924. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Vogsland, Olaf: «Dølens Fremtid» i Det var ein gong - Minner frå Drangedal, Bok 25 2002.