Dalebø notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dalebø notlag var eit notlag som vart skipa på byrjinga av 1950-åra. Laget dreiv i omlag 10 år fiske med båten «Skjerva», men vart nedlagt i 1960-åra.

Notbåtar

Notbåten, ein ny gavlbåt, var bygt i Følsvika i 1952. Han hadde ein Sabb-motor på 7-9 hk. Då båten kom til Åmelfot vart det laga overbygg og lugar framme. Båten hadde namnet mb. «Skjerva», men på folkemunne vart han kalla «Lambet». Då notlaget vart nedlagt i 1960-åra selde dei notbåten til Knut Solbakken i Ørsta, men seinare seld vidare til Sverre Erstad i Langevåg. Båten låg lenge i opplag i Vegsund. Laget hadde også ein spelbåt på 20 fot og nokre færingar som tilhøyrde parteigarane. Registreringsnr. på gavlbåten var M 33 D. Ved kommunesamanslåinga med Volda i 1964 fekk den nytt reg. nr. M 125 VA. Båtlengda var 24 fot, og båten var 2,35 m breid og 1,2 m djup. Spelbåten vart etter det ein veit seld til Per A. Sætre ut på 1960 talet.

Nøter og notnaust

Storenota var på 120 famner og djupte på 10 famner. Utover dette hadde laget 2-3 noko mindre stengjenøter og ei orkastenot på 15 famner, 3 famner djup. Alle var bomullsnøter. Dalebønaustet var brukt som notanaust. Her var rullar på bitane som ein tok nota over ved henging. I naustet var her òg ein rund «treså» på ca. 2-3 m diameter,(ca.3m³) til barking av not.

Partseigarar

Parteigarane her var brørne:

  • Knut Dalebø f.1904
  • Hjalmar Dalebø f.1909 (lagformann).
  • Leif Dalebø f.1914 (notbas).
  • Oddbjørn Dalebø f.1920
  • og son til Knut, Olav Knutson Dalebø, f.1932

Fiske og fangst

Fangstdagbøkene frå notlaget er noko ufullstendige, men frå Einar Furnes i Peragarden har ein fått nokre notat om det dei har fangsta i åra 1942 til fram i 1960 talet. Einar har også saman med andre, m.a. Rolf Eidheim og Bjarne Myklebust, Harald, Jostein og Norvald Mårstøl gitt opplysningar om notlaga i Åmelfot, så langt dei har kunna. Ein takkar dei for all bistand. Skulle det likevel ha vorte feil i framstillingane, så seier ein seg lei for det. I det følgjande tek ein med nokre fangstdata som Einar Furnes har gitt - men dette er ikkje fullgode data. Redaktøren

1942: 30.4 -Teke eit sildekast, vårsild

       6.5 -Levert  440 hl.           «
       7.5 -  «     113  «            «
      18.5 -  «     179  «            «
      20.5 -  «     115  «            «
            Totalt  847 hl.     Vårsild

1944: 23.5 - 2 sildekast ca.200 hl.

      26.5 -    Levert til Voldnes       220,5 hl.   Vårsild
      31.5 -    Levert til Holmsild      215     «         «
       1.9 -    Fått notapengar                     kr.600.-

1945: 5.6 - Levert 144 hl. Sild à kr.9.- kr. 1296.-

      21.6 -         «       60  «     «    til agn
      22.6 -         «       22,5»    «      «  «
      27.6 -         «      398  «    «      «  Eggesbønes
       4.8 -    Fått notapengar                                     «     550.-
                                                                    Kr.  1846.-

1946: Ikkje fangstresultat men notapengar Kr. 200.-

1951: Notapengar Kr. 2625.-

1952: Notapengar Kr. 300.-

1953: Teke 696 hl. Forfangssild. Notapengar Kr. 900.-

      Dette var det største kastet dei gjorde i heile driftstida og det  vart teke i land mellom gamleskofabrikken og Øyra            
      Dei gjorde dette året fleire gode kast, og dette  var det beste driftsåret nokon sinne

1954/55: Er ikkje ført noko fangstresultat, så det har kanskje vore eit dårleg sildeår

1956: 30.5 - Eit kast småsild

      31.5 -    «     «        «
       6.6 -  Levert  105 hl.  Småsild

1957: Manglar fangstresultat

1958: Levert 1554 skjepper brisling à 27.50 Kr. 42735.-

1959: 11.5 - Levert 78 hl. Småsild

1960: 16.5 - Eit kast feitsild 34 hl.

        21.5 -  To    «   mussa
        30.5 -  Levert  413  skjepper mussa.

Seinare år har ein ikkje fangstnotat. Ein veit at det vart teke sild og makrall fram mot slutten av 1960-åra. Siste sildekastet teke ca. 1973.

Kjelder og informantar

Lokale munnlege informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal



Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Dalebø notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.