David Glick (1907–1943)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
David Glick, frå J : historien om kristiansundsjødene
David Glick, frå Våre falne.
Glick vaks opp i Mellomveien 8, i husrekka til venstre på biletet.
Foto: Ukjent / Nasjonalbiblioteket

David Glick (fødd 4. oktober 1907 i Trondheim, død 22. januar 1943 i Auschwitz) var transportarbeidar på Sunndalsøra frå 1941 av. Ettersom han var jøde vart han deportert til konsentrasjonsleir i 1942, og han vart drepen i dødsleiren Auschwitz.

Han var son av Elias Glick (1876–1914) og Jenny Glick f. Wolf (1874–1942). Faren var frå Russland, medan mora var fødd i Tyskland. I folketeljinga 1910 finn vi mora, faren og to eldre sysken i Mellomveien 8 i Trondheim. Faren var handelsmann.[1] Ei eldre syster, Anna Glick gift Matulsky, vart også drepen i Auschwitz. David hadde òg ein eldre bror, Israel Glick som døydde ung i 1919. David var teaterinteressert og hadde elles bla sete i styret for den jødiske ungdomsforeininga i Trondheim. Han livnærte seg ved laussal av tøy og kortevarer fram til 1941.

Glick skal ha kome til Sunndalsøra i desember 1941, og han var transportarbeidar der då han den 27. oktober 1942 vart arrestert i samband med jødeaksjonen. Han vart etter eit opphald på Bredtveit fengsel den 26. november 1942 sendt med D/S «Donau», og endte som nemnd sitt liv i Auschwitz. I Våre falne står det at liket av Glick vart funne i Falstadskogen,[2] men dette må vere ei samanblanding med Kalman Glick som vart avretta der. Boka vart skriven kort tid etter krigen, medan det framleis var mykje som var uklart kring skjebnen til dei norske jødane.

Mora vart også drepen i konsentrasjonsleir eller under transport. Faren gikk bort i 1914,. I Våre falne er Jenny Glick oppført som enke, busett i Oslo.[3]

Det har blitt arbeidd for å få på plass ein snublestein til minne om Glick på Sunndalsøra. Per november 2016 har rådmannen innstilt mot dette, ettersom David Glick var frå Trondheim og berre budde ei kortare tid på Sunndalsøra. Dette sjølv om snublesteinane helst blir lagt ned der personen budde eller arbeidde då han eller ho vart arrestert. Saka vart handsama i kommunestyret den 23. november, og dei folkevalde vedtok einstemmig å få på plass eit minnesmerke.

Referansar

  1. David Glick i folketeljinga 1910 for Trondheim kjøpstad frå Digitalarkivet.
  2. Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1, s. 698 Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1, s. 699 Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder


Snublesteiner Gml. Drammensvei Stabekk.JPG David Glick (1907–1943) inngår i Snublesteinprosjektet på Lokalhistoriewiki og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.