Den Norske Høytalerfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Den Norske Høytalerfabrikk (DNH) blei oppretta av Frithjof Edwardsen 1. mars 1946. Stiftinga skjedde i Odins gate i Oslo.

Vinteren 1947/1948 flytta bedrifta til Kragerø der ein kjøpte opp eit par tyskerbrakker som hadde blitt oppført under kringen. Herifrå starta produksjonen av elektriske produkt. Fyrst varmeomnar – sidan høgtalarar. Ei kort tid produserte DNH også telefonar for Det Norske Telefonselskapet.

På byrjinga av 1950-talet byrja selskapet å eksportere produkta til Tyskland, Danmark og Nederland. Produksjonen auka, og bedrifta kunne ekspandere. I 1996 eksporterte bedrifta varer til 56 land verda over. Hovuddelen gjekk til England og Tyskland.

Sonen til Frithjof Edwardsen, Harald Buck Edwardsen, tok over leiinga av bedrifta etter faren.

Eksterne lenker

Kjelder


Koordinater: 58.87088° N 9.40378° Ø