Dombås kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dombås kyrkje
Dombås kirke.jpg
Foto: Jan-Tore Egge (2014).
Stad: Dombås
Byggeår: 1939
Endringar: Restaurert 2019.
Kyrkjegard: Dombås kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Hamar
Prosti: Nord-Gudbrandsdal
Prestegjeld: Dovre
Fellesråd: Dovre
Sokn: Dombås
Arkitekt: Magnus Poulsson
Materiale: Sandstein
Sitteplassar: 260

Dombås kyrkje er ei korskyrkje frå 1939, teikna av Magnus Poulsson. Ho er soknekyrkje for Dombås sokn i Dovre kommune.

Sandsteinen (sparagmitt) er henta i Gudbrandsdalen, og vert lokalt kalla Jøndalsstein.

Altartavla har den tronande Kristus som hovudmotiv, og ti mindre bilete med scener frå Kristi liv. Handverkarane som sto bak tavla var Martin Nyhus, Ola J. Vadet og Olaf S. Nyhus, medan målaren var Greta Thiis i Trondheim. Dei tre laga òg andre delar av interiøret.

I 1969 vart det sett inn eit orgel med ti stemmer. Dette vart i 2019 erstatta av eit nytt, svenskbygd orgel med tjue stemmer. Dette orgelet vart totalskadd i brannen i februar 2020.

Kyrkja har to klokker frå 1938, støypt av Olsen Nauen klokkestøperi. Den store klokka har innskrifta «Dombåsklokka. Gitt av Dombås syforening 1939. Jeg skammer meg ikke ved evangeliet. Romarbrevet 1.16». Den vesle klokka har innskrifta «Vesleklokka. Gitt av Aksel og Christine Michelsen 1939. Herren gav, Herren tok, Herrens navn være lovet. Job 1.21».

I 2019 vart ein lengre restaureringsprosess ferdigstilt, men natt til 20. februar 2020 vart kyrkja skadd i ein påsett brann.

Litteratur og kjelder

Galleri