Edgar Alén Rasmussen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Edgar Alén Rasmussen (fødd 8. september 1920 i Austrheim, død 23. desember 2006) var lærar og lyrikar.

Rasmussen var utdanna adjunkt med bifag i historie og engelsk. Han virka som lærar i mellom anna Austrheim, Bergen, Askøy og Hetland kommune. I 1961 vart han skulestyrar ved ungdomsskulen i Øystese, og i 1966 rektor ved Ullandhaug skole. Her var han til han gjekk av med pensjon i 1984.

I 1947 gifta Rasmussen seg med Aud Iversen (f. 1947) frå Bergen. Paret fekk fire born.

I mange år var Rasmussen ein del av redaksjonsutvalet for Årbok for Arbeidernes historielag i Rogaland.

I 1998 ga han ut diktsamlinga Håndslag.[1] Fleire av dikta hans har gjennom åra vore publiserte i dagspressa i Bergen, Stavanger og Oslo.

Fotnoter

  1. Rasmussen, Edgar Alén: Håndslag. Utg. Arbeidernes historielag i Rogaland. 1998. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Eksterne ressursar