Eikefjord barne- og ungdomsskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eikefjord barne-og ungdomsskule.

Eikefjord barne- og ungdomsskule ligg i Eikefjord, Kinn kommune.

Utviding av skulen

Eikefjord sentralskule var i mange år for liten. Det var for få undervisningsrom og arbeidsplassane for lærarane var svært mangelfulle. Innemiljøet var også langt under dei standardar ein kan forvente i eit offentleg bygg.

Etter mange år med tautrekking i Flora bystyre bestemte bystyret at skulen i Eikefjord skulle utbetrast. Bystyret gjekk inn for utbetring av sentralskulen og eit tilbygg på vestsida.

Kvar gang bystyret hadde saka om Eikefjord skule opp til vurdering, aukte prisen med fleire millionar. Bystyret godtok 118 mill., men då anboda kom med prisar rundt 140 millionar vart det full stopp i rehabiliteringsplanane.

Ny skule

Det vart så lyst ut nytt anbod der tilbydar skulle gje pris på eit totalprosjekt. Flora bystyre vedtok tirsdag 16. desember 2014 å gi Skanska Florø oppdraget med å bygge nye Eikefjord skule. I tilbodet var det heilt ny skule inkludert ein gymnastikksal til 85 millionar. Som opsjon var det også gitt tilbod på ein fleirbrukshall. Ekstrapris for denne hallen var 23 millionar, der kommunen måtte ta 10 millionar.

Bygda ønskte fleirbrukshall, og på ein månad samla Grendalaget inn 7 millionar som dei gav som gåve til Flora kommune. Med denne gåva gjekk ny skule og fleirbrukshall gjennom bystyret 17. mars 2015. Seinare tok Grendalaget opp lån så fleirbrukshallen blei vedtatt utvida med scene.

Idrettshall er plassert ved sida av skulen.

Ny skule blei tatt i bruk 4. april 2016.

Kjelde

  • Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.