Eitorn skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eitorn skule
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Eitorn skule i Eitorn krins ligg i Sogndal kommune. Det låg før kommunesamanslåinga i 2020 i Leikanger kommune, og medan skulen var i bruk, høyrde krinsen til Balestrand kommune. Skulehuset fungerte som skule, forsamlingshus, bedehus og ungdomshus i grenda frå det vart sett opp fram til 1956. I 1956 kom vegen til Leikanger, og skulen vart lagt ned.

Saka om skulestove i Eitorn vert først handsama i protokollen frå skulestyret i Balestrand 27. september 1887. Det vart då fatta vedtak om å byggje eit skulehus i Eitorn. Vi kan og sjå at det vart stilt krav om at Sparebanken skulle ta den delen av kostnadane som fall på kommunen, og at krinsen ytte fri grunn, både til skulehus og leikeplass.

I saka om plassering uttrykte oppsitjarane på Tenningen og Tenningåsen eit ønskje om å ha skulehuset på Flete, men Vestreim vann til slutt valet om plassering. Det kjem ikkje fram av møtebøkene frå skulestyret kor tid fastskulen i Eitorn kom i gang, men det må truleg ha vore i 1888.

Skulehuset

Det gamle skulehuset vart sett opp på 1880-talet og står framleis i dag. Skulehuset vart sett opp på garden Vestreim og vart overdrege til garden då skulen vart lagt ned. Skulehuset fungerte som skule, forsamlingshus, bedehus og ungdomshus i grenda frå det vart sett opp og fram til 1956. I 1956 kom vegen til Leikanger, og skulen vart lagt ned.

Skulehuset hadde ei skulestove med kateter for læraren og pultar der sat to og to saman. Det var plass til 27 born. I skulestova var det ei veggtavle med krit, nokre kart og ein stor “plakat” som synte rommål og litermål. På eine kortveggen stod det ein vedomn som om vinteren varma opp skulestova. Når me skulle eta varma den også opp mjølkeflaskene våre. Ein tidlegare elev minnast at einskilde av flaskene ikkje tolde varmen og sprakk slik at mjølki rann nedetter omnen og utover golvet.

Ved sida av skulestova var der eit kammers med to skåp der læraren oppbevarte bøker og eit apparat som viste jorda og månen sin plass i verdsromet der sola var ein gul skjerm som vart opplyst av eit stearinlys. Den gongen var dette toppen av teknologi. I yttergangen kunne borna henge frå seg yttertøy på kvar sin spikar som var slege inn i veggen.

Uthuset romma både vedhus og ein utedo som var delt i tre med læraren sitt i midten med lås, jentedo på den eine sida og gutedo på den andre. Desse hadde berre krok på døra ute og inne.

Det var ikkje lærarbustad i skulehuset så læraren måtte bu hjå private.

Leikeplassen var nærmast ei blautmyr, men fekk ei oppgradering på 1930-talet. På same tid vart det laga til ein skulehage der det vart planta m.a. plometre som elevane stelte med.

Skuledagen

Skulen i Eitorn var for det meste udelt, og elevane gjekk på skule kvar dag, også laurdag, i to veker og hadde fri i tre veker. Læraren underviste både i Eitorn og i Ytre Fjærland (Jorddal). Ungane leika ulike leikar som var populære på den tida: gøymeleiken, sprette pinn, slå kjeil, slå monk, hoppe paradis, hoppe tog og kaste på stikka.

I ei minneoppgåve for eldre frå innsamlinga i 1996 skriv ein informant frå krinsen om friminutta om skulehuset og utstyret på 1930-talet: "Dette skulehuset var vel typisk for små skular på den tida. Der var ei skulestove med kateter for læraren og pultar for oss der me sat to og to saman. Av utstyr var det heller lite, ei veggtavle med krit, nokre kart og ein stor “plakat” som synte rommål og litermål på ein illustrerande måte. På eine kortveggen stod det ein vedomn som om vinteren varma opp skulestova og når me skulle eta varma den også opp mjølkeflaskene våre. At einskilde av flaskene ikkje tolde varmen og sprakk slik at mjølki rann nedetter omnen og utover golvet var kjærkomen underhaldning i ein elles triviell kvardag(...) Ved sida av skulestova var der eit kammers, der var det to skåp der læraren oppbevarte nokre bøker, og ikkje minst eit apparat som viste jorda og månen sin plass i verdsromet der sola var ein gul skjerm som vart opplyst av eit stearinlys. Den gongen var dette toppen av teknologi, i alle fall sett ut frå vår ståstad."

Informanten i minneoppgåva frå 1996 skriv også om friminutta på tidlig 1930-tal: "På skuleplassen var det mange leikar som var populære: gøymeleiken, sprette pinn, slå kjeil, slå monk, og kaste på stikka. Ein del av desse leikane var typiske guteleikar medan gjentene heller ville hoppa paradis, hoppe tog o.l. Dette var og leikar som vart mykje nytta i fritida og som føregjekk i tuna rundt om på gardane."

Anna bruksområde

I 2006 vart huset gitt til Eitorn grendalag som har restaurert huset.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Arkivkatalogar frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
    • Balestrand kommune. Skulestyret. Møtebok 1849-1900, Møtebok 1901-1926 og Møtebok 1926-1947
    • Balestrand kommune. Eitorn skule. Dagbok 1884-1913 og Dagbok 1913-1956
    • Balestrand kommune. Skulestyret. Korrespondanse/sakarkiv 1850-1899
  • Urtegaard, Gunnar: Soga om grunnskulen 1739-1989 : Balestrand kommune. 1989
  • Femårsmeldingar for folkeskulen i Balestrand 1891-1900
  • MO96S-F011 Minneoppgave for eldre 1996, Norsk folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitet i Oslo (upublisert.)

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.20951° N 6.61485° Ø