Emigrantregisteret for Lesja

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjermdump av emigrantdatabasen for Lesja per april 2024. Utsnitt, ikkje alle kolonner er med. Familieoppsett viser til namnegard i bygdebokverket.

Emigrantregisteret for Lesja er eit register i tabellformat der informasjon om dei ein veit utvandra frå Lesja er lagt inn. Arbeidet med registeret starta som del av bygdebokarbeidet i siste halvdel av 1980-talet,og har halde fram sidan.

I materialet som i lang tid hadde vore samla, og som etter kvart vart til bygdebokarkivet, låg det avskrifter av emigrantprotokollar og utflyttarlister frå kyrkjebøkene. Informasjonen i desse vart da skrive inn i bygdebokmanuskriptet der det var råd å kople namn på utvandrar(ar) med namn på person(ar) i familieoppsetta. Dei aller fleste vart nok registrerte slik, med rimeleg enkel info: barn nr. i familien og (tenkt døme): '3. Ola, 1853-?, til Dakota over Bergen 1869'. Dette er eit vanleg oppsett i bind 1, utgjeven 1987. For ein del hadde vi rett nok ein del ekstra informasjon, stort sett frå tilgjengeleg korrespondanse, slik at det og kunne gå fram kvar i Nord-Amerika dei reiste til og/eller slo seg ned. Det vart da registrert i kortform i bind 1 og for så vidt også i dei to neste binda.

Vi såg jo at det hadde vore stor utvandring frå Lesja, for det var nærare 2000 namn i desse listene. Dermed - og litt inspirert frå Lars Øyanes arbeid med Gards- og ættesoge for Luster kommune (der han følgte utvandrarane i deira nye heimland) - begynte vi å planlegge eit eige bind i serien der vi gjorde noko tilsvarande. Somrane 1988 og 1989 var så emigrantforskar Jostein Molde, som hadde oppdrag i Midt-Vesten, engasjert til å samle informasjon om personar frå Lesja (og Dovre) som hadde kome til distrikta han var i. Han skreiv da av kyrkjebøker, folketeljingar, nekrologar og andre kjelder i lokalsamfunn vi visst det hadde reiste folk frå Lesja til, og identifiserte desse mot familieregistreringane i bygdebokmanuskripta. Med han og andre som hadde kontakt med slekt og utvandrarmiljø distribuerte vi òg spørjeskjema om emigrantar og etterkomarane deira, og det kom mange svar. Desse skjemaa er lagra i bygdebokarkivet. Dette førte til at informasjonen i bind 2 og 3 har monaleg meir info om dei som utvandra, mellom anna ektefelle viss vi hadde fått slik informasjon.

Dette vart så følgt opp gjennom Ingebjørg Ulfsby Bottheim, som vart engasjert som assistent i bygdebokarbeidet etter at Arnfinn Kjelland hadde flytta til Volda. Ingebjørg gjorde eit stort arbeid med å identifisere personar født i Lesja som flytta ut, ikkje berre til Nord-Amerika, men og andre stader. Bind 3 har derfor meir slik informasjon enn bind 1 og 2.

Arnfinn Kjelland har så forvalta arkivet og tabellen i åra etter bygdebokserien var fullført (1996). Dette arbeidet er blitt utvida fra mot utvandrarjubileet ved at han prøver å kople alle kjente utvandrarar med oppgjeven føde- eller bustad Lesja til dei rekonstruerte familiane i bygdebøkene. Dette arbeidet har mellom anna ført til at ein del har oppgjeve Lesja i emigrantprotokollen eller som fødestad i andre samanhengar, sjølv om dei eigentleg kom frå Dovre. Det har ei enkel forklaring: fram til 1860 var Dovre eit annekssokn under Lesja prestegjeld, så dei kunne godt oppgje 'Lesja' som fødestad.

Gjennomgang av kjelder som ikkje var tilgjengelege under bygdebokarbeidet, spesielt folkteljingane 1910 og 1920 med informasjon om heimvendte frå Amerika, har gitt ein del tilleggsinformasjon.

Kjelder

  • Kjelland, Arnfinn og Jostein Molde (1989): Lesjinger i Amerika. Om planene for bok om emigrantene fra Lesja og Dovre, i Årsskrift for lesja historielag side 58-71.
  • Kjelland, Arnfinn: eige arkiv.