Engel Kristine Humlevik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Engel Kristine Humlevik (1865- dødsår ukjend). (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.)

Engel Kristine Humlevik (1865- dødsår ukjend) frå Tysnes i Sunnhordland fekk det svært vanskeleg i livet. Fem år gammal vart ho sett vekk til framande då faren døydde, fordi mora ikkje makta å ta vare på borna. Ho døydde på Valen psykiatriske sjukehus.

Engel Kristine vart fødd som den tredje i barneflokken av i alt åtte born som faren Helge Tollefson (1824-1870) i Lundebygda hadde i to ekteskap. Som nygift i det første ekteskapet fekk ekteparet bustad på plasset Hagareset. Her sette dei opp ei lemstova og ein løebygning, og dreiv det vesle bruket med ei ku og nokre sauer, litt havre og litt poteter. Etter kvart som stykket vart dyrka opp gjekk det an å leva der. For å spe på inntekta tok Helge seg hyre på eit danskeigd fiskefartøy tilhøyrande Det Danske Fiskeriselskab. Her vart han brått skylt overbord av ein brottsjø og drukna.

På Hagareset sat kona i andre ekteskap Stina Larsdtr. Øvre-Humlevik (1835-1904), mor til Kristine, att med ein stor ungeflokk å forsørgja. Etter ei tid fekk ho utbetalt 100 riksdaler frå reiarselskapet, «til hendes Børns Opdragelse». Men trass i erstatninga var livet langtfrå lett for Stina og borna. I tillegg til det daglege slitet på den vesle husmannsgarden, gjekk Stina på jord- og husarbeid hos andre. Den siste levedagen bar ho ei halmbør opp frå ein nabo, sette seg på ein stein og døydde. Steinen har sidan hatt namnet «Stinesteinen».

Som ung vaksen kvinne kom Engel Kristine som barnepike hos distriktlege Bernt Kristoffer Lange (1849-1906) på Hovland. Lange var distriktslege i Tysnes i seks år, frå 1888-1894, så Engel Kristine må ha vore kring 19 år gammal då ho kom dit.

Mange år seinare skreiv husmora, Sofie Lange (1856-1933): "Vi hadde en utmerket barnepike i ca. 6 år. Hun bar det for henne passende navn Engel»[1].

Sidan vart ho sjuk og innlagd på Valen psykiatriske sjukehus. Her vart ho verande resten av livet. Kor sterkt sinnslidande ho eigentleg var er skjult i pasientjournalane. Men ho må nok ha vore ganske dårleg, for først i 1924 heiter det at «hun skal nu være bra og er på kjøkkenet og steller med dem»[2] (dvs. dei andre sjuke).

Det heiter at eit fotografi ikkje kan lyga. Men sjå ein gong til på andletet hennar, på det alvorlege, litt såre blikket i augene, og på den eine handa som er skjult bak på ryggen - så anar me kanskje ein flik av sanninga om eit hardt og vanskeleg liv.

Referansar

  1. Sitert etter Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 3.
  2. Sitert etter Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 3.

Kjelder