Erik Werenskiolds veg (Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Werenskiolds veg sett austover.
Foto: Roy Olsen (2020).

Erik Werenskiolds vegGvarv i Midt-Telemark kommune går frå og til Skrivarvegen på austsida av denne og er 350 meter lang.

Vegen ligg i Skrivargrenda og blei kalla opp etter kunstmålar Erik Werenskiold (1855–1938) i 1999.

Werenskiold og familien oppheldt seg på Gvarv somrane 1883–85, der kona Sophies onkel, Ole Thomesen, var sorenskrivar. På Lindheim måla Werenskiold «Telejentene ved skigarden» i 1883 og byrja på «En bondebegravelse», som blei fullført 1885 på sorenskrivargarden, med utsikta mot Lifjell som bakgrunn. På biletet bruka han lokale modellar. Werenskiold teikna illustrasjonar til Asbjørnsen og Moes «Norske folkeeventyr» og til Snorres kongesagaer, og mange kjende personlegdomar blei portretterte av han.

Kjelder


Koordinater: 59.38873° N 9.18135° Ø