Erling Eriksen (1904–1974)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Eriksen.
Foto: Ukjend / Vest-Telemark Museum.

Erling Eriksen (fødd 22. juli 1904, død 15. juli 1974) var lærar ved Telemark Landbruksskule på Søve og sidan fylkesagronom i smånæringar og utmarksbruk. Eriksen var gift med Karen Marie Eriksen (1907-1988) og budde på Ulefoss i Nome kommune.

Eriksen gjekk på Sagavoll ungdomsskule i Sauherad frå 1921-22. Seinare tok han agronomutdanning og eit seks månadars praktisk kurs i hagebruk ved Søve Landbruksskule. Til sist tok han landbrukslærarutdanning ved Statens småbrukslærarskule. Småbrukslærarskulen vart sidan slege saman med Norges Landbrukshøgskule. Eriksen underviste i smånæringar på Søve Landbruksskule frå 1928-1947.[1] Frå 1928 fram til 1945 underviste han i meierifag, samstundes som han var leiar for meieriet.[2] Han dreiv også med birøkt og undervisning i birøkt. Frå 1947 var han tilsett som fylkesagronom i smånæringar gjennom Telemark Landbruksselskap.[3] Han sat med stillinga fram til 1971.[4] Ei tid var han også leiar for Telemark Fjørfeavlslag som landbruksselskapet var med å støtte økonomisk. Han leia arbeidet med opprettinga av Telemark fjørfeslakteri som blei etablert i i 1951. Eriksen leia ei lang rekkje skjønn under den store kraftutbygginga på midten av 1900-talet. Han utførte prøvefiske i vatn over store delar av øvre Telemark.

I ei årrekke var Eriksen domar for småfe på Dyrsku'n i Seljord.

Under krigen var Eriksen aktivt med i Heimefronten, og ein periode måtte han ligge i dekning. Eriksen var ein raus person som aktivt bidrog til å rehabilitere NS-medlemmer i sin bekjentskapskrets etter krigen.

Erling Eriksen dømer geit på Dyrsku'n i Seljord, truleg ei gong på 1960-talet.
Foto: Ukjend fotograf / Vest-Telemark Museum

Referansar

  1. Skard, 1969, s. 247.
  2. Skard, 1969, s. 250.
  3. Ytterbø, 1957, s. 489.
  4. Nordbø, 1983, s. 386.

Kjelder

  • Dødsannonse i Arbeiderbladet 17. juli 1974 (s. 11). Lenke til digital utgåve på bokhylla.no
  • Gravminner på disnorge.
  • Nordbø, Halvor (red.), Utviklinga av landbruket i Telemark i dei siste 100 år : Telemark landbruksselskap, 1877-1977, Skien : Selskapet, 1983. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no
  • Norsk småbrukskandidatlag, Årbok for småbrukskandidater 1915-1963, Oslo : Bøndenes forlag, 1967. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Skard, Torfinn (red.), Telemark landbruksskule på Søve, 1893-1968 : (Bratsberg amts landbrugsskole 1846-1917), Ulefoss, 1969. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Ytterbøe, S., Holla. 2 : Holla II : opplæring, kirke- og skolestell, Skien, 1957. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Erling Eriksen i Historisk befolkningsregister