Fangst notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fangst notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

I dei gode sildeåra kring 1950 var det naturlegvis mange som såg mulegheiter til å gjere seg nokre ekstra kroner på sildefisket. Arne Eidset hadde fått nyss om eit notbruk som var til sals i Fosnavåg, både notbåtar og nøter. Det vart no skipa eit nytt notlag (ca. 1950) som fekk tilhald i Åmelfot

Parteigarane her var:

  • Knut Myklebust f.1907 ( han var notbas).
  • Sverre Dahl f.1906
  • Rasmus Kvangarsnes f.1906
  • Rolf Eidheim f.1929
  • Rasmus Vassbakke f.1927
  • Arne og Harald Eidset f.1929 og 1932

I 1953-54 vart det endringar i eigarforholdet. Då selde:

  • Rasmus Vassbakke parten sin til Einar E. Åmelfot (f.1917)
  • Rolf Eidheim selde parten sin til Harald Mårstøl
  • Arne Eidset og broren Harald selde kvar sine halve partar til Norvald Mårstøl (f.1925) i 1955

Storenota (sildeband) hadde ei lengde på ca. 80 famner og var på ca. 12 famner djupte. Det viste seg at nota var dårleg, så her vart sett inn nytt notlin frå Spjelkavik

Ein måtte også kjøpe ei stengjenot, og det vart også skaffa ei nylonnot på ca. 60 famner med litt større band til makrell

Notbåten (ein gavlbåt) hadde ikkje motor, men her vart innsett ein Hjelset oppfyringsmotor på 3 hk. Dette var gamlemotoren som Arne hadde hatt i sin båt, monteringsarbeidet av motoren vart utført av Rolf Eidheim og Rasmus Kvangarsnes. Båten fekk reg. nr. M ? D, og seinare M 119 VA. Båten's lengde 21,1 fot, b=6,1 fot. Byggeår 1946, truleg bygt på Bjørneset. Ombygt 1953, fekk då overbygg. Namnet på båten var «Bruse», men var på folkemunne kalla «Kjettå». Derav namnet «Kjettelaget»

Dei hadde også ein spelbåt (gavlbåt-robåt). Denne bar namnet «Pollen»

Seinare kjøpte dei ein stor færing (trerøring) robåt av Jakob Dalberg. Denne båten hadde dei makrellnota i. Han var òg brukt til spelbåt. Jakob Dalberg hadde nytta båten til vedtransport til Volda. Jakob var truleg fast vedleverandør til bakar Ellingsen der

Første sildekastet dei gjorde, var på Øggardsbugen, og var eit kjempekast på vel 850 hektoliter. Det heldt på å gå gale då dei skulle ta nota fram i land her, men til all lukke vart heile kastet berga

Notanaustet var det Sverre Dahl som eigde. Det stod ved dei andre nausta i indre Åmelfot

Til notarbeid fekk dei bruke MassaJohuset (sjøhuset). «Bruse» vart truleg seld til Herøy ein stad

Kjelder og informantar

Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Fangst notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.