Finnøy kommune
Finnøy | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1141 |
Fylke | Rogaland |
Kommunesenter | Judaberg |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020] |
Slått sammen med | 1965: Sjernarøy og delar av Jelsa og Fister innlemma. |
Nå del av | Stavanger kommune |
Finnøy kommune var fram til 1. januar 2020 ein kommune i Rogaland. Han grensa til Tysvær kommune, Bokn kommune, Rennesøy kommune, Strand kommune, Hjelmeland kommune og Suldal kommune, alle i Rogaland. Finnøy var ein øykommune, og grensene var hovudsakleg sjøgrenser. Unntaket var ein del av grensa til Hjelmeland, som kryssa øya Ombo. Einaste tettstaden i kommunen var kommunesenteret Judaberg, med 581 innbyggjarar per 1. januar 2012.
Finnøy kommune vart oppretta etter formannskaplovene av 1838, og hadde uendra grenser fram til det store kommunesamanslåingsåret 1965. Dette året vart nemleg Finnøy kommune slege saman med Sjernarøy kommune, samt den delen av Ombo som tilhøyrde Jelsa kommune og nokre øyar frå Fister kommune. Suldal kommune fekk då resten av Jelsa kommune, medan hovuddelen av Fister kommune gjekk til Hjelmeland kommune.
Gardane Hesby på Finnøy og Gard på Søndre Talgje var i mellomalderen sete for mektige lendmannsætter, og kommunevåpenet er henta frå stamvåpenet til Hesbyætta, og viser ei sølvpil med vingar på blå bakgrunn. Namnet «Finnøy» kjem truleg av mannsnamnet Finni.
I samband med kommunereforma til Solberg-regjeringa gjennomførte Finnøy kommune ei rådgjevande folkeavstemning 8. juni 2016. Flertallet stemte ja til kommunesammenslåing, og til alternativet Finnøy, Rennesøy, Stavanger som ny storkommune. Den tidlegare kommunen utgjer no Finnøy kommunedel i Stavanger.
Kjelder
- «Finnøy» i Store Norske Leksikon.
- Kommunereformen på nettstedet til nye Stavanger kommune, besøkt 2. januar 2020.
- Statistisk sentralbyrå: Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012.
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.