Fiske i Hundeidvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hundeidvik i Sykkylven høyrde til Hjørundfjord skipreide før 1798. Hundeidvik grensar til Ørsta i sør og sørvest, til Storfjorden i vest, til Tusvikbygda i nord, og i aust til fjell og utmark. Kring århundreskiftet var der, med smått og stort, kring 200 menneske i Hundeidvik-grenda, som ligg lagleg til for deltaking i fiskeria.

Frå 15- og 1600-talet og framover tok alle gardar i Hundeidvik, og i Sykkylven elles, del i sesongfiskeria, særleg vinter- og vårfisket etter torsk. I matrikkelen frå 1626 står det om kvar einaste gard i Sykkylven: Fiskeri til havs.

1700- og 1800-talet

Frå 1700-talet kan ein lese ut av skifta kor mykje fiskevegn dei hadde jamvel om dei budde nokså langt frå sjøen. I 1830-åra var vårtorskefisket det viktigaste, og nest kom sildefisket, som særleg vart drive om våren og sommaren. Den tida kosta eit nytt torskegarn 2 spd. 1849 og 1850 var svært dårlege fiskeår. «Til trods for det,» skriv amtmannen, «er Søkelven sogn blandt dem som i det væsentlige befinder sig i samme gode forfatning som i foregående periode». No var seifisket aukande, også fiskeprisane.

Motordrevne båtar

Ei endring i fisket i 1880-åra var at mange tok til å bruke seksringar. I dei første åra etter 1880 var sommarfisket så dårleg at amtmannen syntest bøndene heller burde vere heime og stelle med garden. Det var og på denne tida fisketørkinga i fjøra vart meir vanleg. Mot slutten av århundret vart det stadig færre opne båtar og stor auke i talet på fiskeskøyter. Den same utviklinga heldt fram i dei første 1900-åra. Fiskeskøytene vart snart for det meste motordrevne, men her var og nokre dampbåtar. Dette førde med seg viktige endringar: Nye fiskefelt og delvis heilårs-drift. Det vart eit skarpare skilje mellom fiskar og bonde. Men ein stor del av mannskapa, særleg i torskefisket, kom enno frå bygdene.

Utror til Eggja

Hundeidvikarane Lars Utgård og Jens J. Kurset, fortel dette om lokal deltaking i fisket: I gamle dagar var nok mest alle menn med i torskefisket om vintrane. Mange tok seg plassar med båtar ute frå øyane, dei fleste på Vigra, Valderøy, Giske og Godøy. Men der var også nokre båtar frå Hundeidvik og frå Sykkylven elles. Dei låg også ute på øyane, mest på Alnes. Nede ved fjøra i Hundeidvik syner tuftene etter eit åttringsnaust som skal ha tilhøyrt Myrset. Pe-Ole på Myrset heldt ute ein båt for kaptein Lied i Tusvik. Dei låg på Alnes. Han fortalde, då han vart gammal, om eit år han fiska så godt, kor han heldt det hemmeleg kvar han hadde fiska. Då dei spurde, svarte han: «Å, det er no ut i Trollhavet, det.» «Men faktum er,» sa han, «at vi var ikkje ut om Klakkjen heile vinteren.» Elias Kurset heldt ute ein båt for Hans Wingaard Friis i Ålesund. Det fortelst at ein gong hadde straumen teke garna hans ut på djupet så han miste dei. Då dei kom inn til Ålesund sette han seg i ei trapp, og Friis kom forbi. Friis såg på han og sa: «Du ser så sorgfull ut, Elias, har du mist nokon mann?» - «Å, det er det som er verre,» svarte Elias. «Eg har mist garna!» «Å, er det ikkje verre,» svarte Friis, «det skal bli ei råd med ny vegn.»

Tore-Henning (Midtgård) hadde ein åttring som han visstnok åtte åleine. Ole Andreas Utgård hadde også ein båt, ein seksring som heitte «Løberen». Desse båtane brukte dei på torskefiske om vintrane, men dei vart også brukte om somrane på Botnane og Eggja etter lange, brosme og kveite. Dei kalla det å vere på utror. Det var helst tidleg på sommaren, mellom våronna og slåtten, dei tok desse turane. Dei fekk sett inn ein liten omn i «Løberen» eit av dei siste åra Ole Andreas hadde han. Det var eit stort framsteg. Det vert fortalt at ein sommar dei var på utror og hadde kokt kaffe og fisk, at Ole Andreas sa: «Er der nokon i verda som har det betre enn oss no?»

Notavollen

Jens P. Kurset og broren Bernt var heilt til Stamsund på torskefiske ein vinter med ein trering. Dei tok båten med snøggruta både nordover og heimatt.

Hundeidvik hadde også ei stor sildenot. Dei hadde partar i den omtrent mannjamt. Notbas var Styrkå-Petter. Den som sist var notbas var Mons Olsen frå Bergenskanten. Han og kona, Berte Jensine Kursetgjerde, åtte Steina-plassen der Steina-Knut sidan budde. Skulle dei samle notlaget bles notbasen i ein lur, og då hadde alle å kaste frå seg det arbeidet dei heldt på med og springe til nota. Dei var ofte på Sørøyane med nota, og dei hadde også vore sør om Stad. I nærare farvatn tok dei ofte sild på Bjørke og i Ørskogvika. Dei hadde notbåt og spelbåt og som oftast eit par føringar. Så det vart ikkje så lite roing når dei t.d. låg på Bjørke og frette om sild i Ørskogvika. Ein eldre mann fortalde om ein slik rotur. Han hadde rodd ein færing åleine i motvind frå Bjørke til Ørskog, ei 6-7 mil. Notanaustet stod inn med Megardsnausta. Notavollen låg på øyra ved Storeelva. Det var der dei la nota utover når ho skulle bøtast.

Den første motorbåten som kom til Hundeidvik var truleg «Odd». Det var ein båt på vel 40 fot og det var Ole J. Kurset og Petter H. Myrset som åtte han. Ole var skipper og Petter hadde maskinen. Båten vart kjøpt kring 1910. Etter at Ole døydde tok broren Lars over hans part. Lars hadde før hatt ein båt på Valderøy.

Havfiske

Kring 1917 kjøpte Johan Hjellbakk, Ole Hovden, Knut Hovden, Ole A. Utgård, Petter H. Utgård og Annanias Fauske ein båt i lag. Dei kjøpte han brukt på Alnes. Båten heitte «Alfred» og var på ca. 37 fot. Det var gode år for torskefiske under første verdskrigen og gode prisar, så alt første året betalte dei båten med berre levrepengane. Hjellbakk var skipper og Ole Hovden maskinist. Jens Hundeide var med som «lutamann». Fauske gjekk seinare ut av laget.

Kring 1925 fekk Jens P. Kurset og sønene Hilmar og Jens bygt seg ein båt på 36 fot, «Skopshorn». Dei dreiv sei- og torskefiske om vintrane. Somrane var det Eggja og Botnane etter lange og brosme. «Odd» og «Alfred» vart stort sett berre brukt vintrane etter sild og torsk.

Jens Våtmyr og sonen Alfred hadde ein båt på 46 fot. Same storleiken var det på båten til brørne Petter og Tomas Jarnes. Den heitte «Verge» og vart seinare overteken av sønene til Petter. - Karl og Johan Sætre og Karl og Oskar Blakstad hadde og ein båt i lag. Det var «Einar» på 50 fot, og der var Karl Sætre skipper. Siste året dei hadde han var dei på Island, og der vart han seld.

Desse båtane brukte Eggja om somrane og dreiv silde- og torskefiske om vintrane. Under torskefisket låg dei ute på øyane, for det meste på Alnes. Dei leigde seg hus der og låg på land. Somme hadde kokke med, og då stelte kokka også fisken og salta han. På motorbåtane heldt kvar mann sine eigne garn og båten heldt strengane, eller «endane» som dei vart kalla. På dampbåtane heldt båten all vegn.

Etter at fisket var slutt vart fisken bytt og kvar tok sin part heim og tørka han i fjøra. Når han var tørr vart han lasta i færingen og rodd til byen og seld. Då krigen kom vart det meir lønsamt å selje fisken fersk. Då stasjonerte dei i byen, og stelte seg sjølve om bord i båtane med mat.

Ole Utgård (Ytstemyr) førde ein dampbåt frå Stavanger som heitte «Elin». Det var firmaet Watne som åtte han. Dette var ca. år 1900. Dei dreiv silde- og torskefiske her på kysten om vintrane. Om somrane var det torskefiske ved Island. Seinare førde Ole Utgård i mange år «Turisten», som Bang i Ålesund åtte. Med den dreiv dei m.a. Eggjafiske om somrane. Så kjøpte Ole og ein maskinist, Nerland, ein båt som heitte «Grane». Med den dreiv dei garnfiske etter sild. Dei starta tidleg på vinteren utanfor Kristiansund og Stoksund. Først etter at silda var komen sør om Stad brukte dei snurpenot den tida. Om somrane dreiv dei med snurpenot ved Island.

Bjarne Rotnes var skipper på ymse båtar i 12-14 år. Det var «Skåreholmen», «Strønøy», «Presthus I» frå Bergen og Haugesund. «Normanner» som han hadde lengst var frå Karmøy. Desse båtane snurpa etter sild, om vintrane på norskekysten og somrane ved Island. Rolv Rotnes var skipper på «Bjørkhaug» som Elling Årseth i Ålesund åtte. Han førde den båten i 2-3 år på Grønland etter torsk.

Fisketørking

I Hundeidvik var det og ein god del heimefiske, særleg etter sei. Kursetflua (eller fluda som dei seier her) var kjend som ein særleg god fiskeplass. Vårkveldane kom det færingar dit frå heile Sykkylven. Ofte kunne der ligge 40-50 båtar.

Ein stor fiskedag var det ein kveld i mai 1945. Det starta om ettermiddagen inn med kaia. Seievoda seig langsamt ut med landet og forbi Kursetneset. Klokka tre om natta var fiskarane komne nord til Svartebekk. Då tok det til å ljosne og dei såg at det var kome opp flagg i Vegsundet. Då forstod dei at krigen var slutt. Då fekk sei vere sei og det vart å sprengro heimatt. Og det vart ikkje nokon som la seg den natta.

Seifisket har minka dei siste åra, og det same gjeld torskefisket. Etter hyse og ymse slag småfisk brukte dei line langs land. Lenger borte i fjorden vart det brukt djupeliner. Det var liner med torskekrok på, og det var mest brosme og lange dei fekk der. Og så var det kveitevad. Det var liner med nokre få store onglar. Det var på visse plassar dei dreiv dette kveitefisket.

Så seint som i 1920-åra var det vanleg at unggutane drog i fiskja så snart dei var konfirmerte, første året kanskje som halvluting. Då hadde ein halvparten så mange garn som dei andre og fekk halv lut. Etter siste krig vart det mykje slutt med fiske herifrå. Ungdomen tok seg arbeid på fabrikkane og berre nokre få driv fiske no. Her er heller ikkje større fiskebåtar att. No er det mest berre båtar til hobbyfiske og turar.

Ei god attåtinntekt var ei tid fisketørking. Det vart tørka mange hundre tusen fisk kvart år i Hundeidvik. På fine dagar kunne heile fjøra vere kledd med fisk. Det var Ålesundsfirma som åtte fisken. Kvart firma hadde sin mann her til å sjå etter fisken. Desse vart kalla fiskesjefar. Slike var Steina-Knut, Grønhaug-Knut, Tomas Utgård, Bastian Hundeide og Ole Bjørkavåg. Etter krigen kom dei elektriske tørkeria og gjorde slutt på fisketørkinga.

Kjelde

  • Martin Gjævenes: Gardssoga for Sykkylven, bd. 3. Sykkylven 1983.