Flatdalsvegen (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flatdalsvegen sett nordover i Sundbøgrendi.
Foto: Roy Olsen (2021).

Flatdalsvegen i Seljord kommune går nordover frå Vallarvegen (E134) ved Lønnestad. Vegen fylgjer Vallaråi på austsida, går langs Flatsjå og gjennom Flatdal og dei brattlendte svingane ved Nutheim, til kommunegrensa mot Hjartdal der han går over i Hjartdalsvegen. Han er om lag 14 kilometer lang.

Vegen har namn etter grenda Flatdal og vart namnsett i 2005.

Fram til 19. desember 2019 var Flatdalsvegen ein del av E134 og starta i Bygdaråvegen i krysset med Manheimstrondi ved Bjørge. Da opna den 9,3 kilometer lange Mælefjelltunnelen til Hjartdal, og strekninga frå Bjørge til tunnelen fekk namnet Vallarvegen. Flatdalsvegen fekk endra status til fylkesveg og vart ein del av fylkesveg 3420.

I Flatdal finn me ein av svært få autentiske norske landsbyar. Her er 10–12 gardar, litt ettersom korleis ein reknar, samla i ein huskrull medan jorda som høyrer til gardane ligg spreidd utover den nesten 3 000 dekar store flata mot Flatsjå. Heilt øvst i Flatdal ligg Nutheim gjestgiveri som blei sett opp som Nutheim Hotell i 1877 i ei tid da det veks fram eit lite grendelag her.

Kjelder


Koordinater: 59.51084° N 8.64733° Ø