Flora kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flora kommune
1401 Flora komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1401
Fylke Sogn og Fjordane
Kommunesenter Florø
Areal i  km²(2020) 693,3 km²
Folketal 2020 11988 (2018)
Grunnlagt 1838
Opphørte 2020
Slått saman med 1964: Kinn, Eikefjord og delar av Bru, Bremanger og Vevring innlemma.
No del av Kinn kommune
Målform Nynorsk

Flora kommune låg i Sogn og Fjordane, og grensa til Bremanger i nord, Gloppen og Naustdal i aust og Askvoll i sør. Opphavleg var berre ladestaden Florø med i kommunen. Storkommunen vart oppretta i 1964, då ladestaden vart samanslegen med Kinn og Eikefjord kommunar, størstedelen av Bru kommune og mindre delar av Bremanger og Vevring kommunar. I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Vågsøy og Flora å slå seg saman til nye Kinn kommune, med verknad frå 1. januar 2020. Vågsøy og Flora har ikkje felles grense.

Flora var ein industrikommune, med mykje av verksemda lagt til Florø. Aker Solutions, Skaarfish, Cermaq og oljerelatert industri knytta til Fjord Base er blant dei største aktørane i den tidlegare kommunen. I ytre strøk finn ein jordbruk og fiske drive i kombinasjon. Det er stor eksport av laks, sild og makrell, foredling av laks og produksjon av fiskefôr.

Ytterøyane fyrstasjon ligg i Vågsøy. Kinn kystlag vart etablert i 2005.

Kjelder