Forside:Edøya/Om forsida
Hopp til navigering
Hopp til søk
Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommune på Nordmøre. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlege halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til dei elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje som vart bygd kring 1190 — opprinneleg truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt.