Forside:Edøya

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Edøya
Satellittbilde av Edøyfjorden frå juli 2004. Edøya er den smale øya litt ovom midten av bildet. På andre sida av fjorden, rett sør for Edøya, ser vi øya Solskjel, og kring Solskjel att ymse andre øyar i noverande Aure kommune.
Foto: NASA

Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommuneNordmøre. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlege halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til dei elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje som vart bygd kring 1190 — opprinneleg truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Finvêr på Edøyfjorden. Vi ser sjølve Edøy-garden og Edøykyrkja i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne
Edøyfjorden er den yttaste delen av Trondheimsleia og ligg mellom Solværet, Kuli og Edøya utom leia og Tustna, Solskjel, Ertvågsøya og Grisvågøya innom leia. Edøyfjorden utgjer den «sørlege» (eigentleg vestlege) inngangen til den hovudsakleg innaskjers Trondheimsleia frå Griphølen og Talgsjøen. Vidare «nordover» (eigentleg austover) dannar den inste delen av Ramsøyfjorden mellom Smøla og Hitra overgangen til den delen av leia som berre blir kalla Trondheimsleia. Edøyfjorden har vore strategisk viktig i alle fall frå vikingtida av. Vi kan som eksempel nemne slaga ved Solskjel kring 900; slaget ved Solskjel i 1206; Edøya som lenssete på 1300-talet; trefninga i Hammarsunda 9. april 1537; dei tyske forsvarsstillingane frå andre verdskrigen ved Edøy gamle kyrkje; og Shetland-Larsen si minelegging av Edøyfjorden med MK «Nordsjøen» i 1941.   Les mer …

Tyrhaug fyrstasjon på Ringholmen ved Kyrhaug.
Foto: Olve Utne
Kyrhaug (trad. uttale /"cørʌu/ (Edøya) el. /"çy:rʌu/ (Tustna), ofte skrive Tyrhaug, er ein matrikkelgard og ei grend på Edøya i Smøla kommuneNordmør. Den mest pålitelige skrivemåten vi kjenner til i eldre skrifter er Kyrhofuit/Kirhofuit, som vi finn i P. Claussøn Friis (15451614) sine skrifter; namnet er eigentlig Kyrhau (Kyrhovud), av norrønt *Kýrhǫfuð (‘kuhovud’). Skrivemåten med t-, som finst belagt frå sist på 1500-talet og framover, kjem av at namnet har vorte tolka som tyr + haug: Tørhogh (1590), Thiurhoug (1643), Tyrhoug (1667).   Les mer …

Tyrhaug fyr.
Foto: «Janter»
Tyrhaug fyrstasjon er ein fyrstasjon som ligg på den kring 70 m lange og 50 m breie Ringholmen ved KyrhaugEdøyaNordmøre. Fyrstasjonen, som ligg ved Trondheimsleia, vart oppretta i 1833 som den aller første fyrstasjonen på Nordmøre. Til å begynna med inneheldt fyrstasjonen ei lafta fyrbygning på 10×10 alen som inneheldt bustad, oljelager og fyrstue. Denne bygninga hadde tårn som inneheldt sjølve fyrlykta. I 1835 vart det bygd til eit lafta uthus på 8×12 alen. I dette uthuset var det blant anna vedskott og fjøs med plass for ei ku.   Les mer …

Kyrkja sett frå nordaust.
Foto: Olve Utne
Edøy gamle kyrkje, tradisjonelt kalla Edøykjerkjå (dativ Edøykjerkjonn) på folkemunne, er ei steinkyrkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune på Nordmøre. Eit skriv frå 1695 nemner at kyrkja vart lengd med sju alen. Kyrkja vart nedlagt i 1885, og ho brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887. Frå 1947 vart kyrkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart atterinnvigd den 4. juni 1950. Kunsten i kyrkja inkluderer eit krusifiks av Oscar Lynum og treskurden «Det brukne kors» av Daniel Hagerup. I samband med 900-årsjubiléet i 1990 vart kyrkja nyoppussa og det vart sett inn nytt orgel bygd av Mike Zuber der i 1991.   Les mer …

Satellittbilde av Edøyfjorden frå juli 2004. Edøya er den smale øya litt ovom midten av bildet. På andre sida av fjorden, rett sør for Edøya, ser vi øya Solskjel, og kring Solskjel att ymse andre øyar i noverande Aure kommune.
Foto: NASA
Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommuneNordmøre. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlege halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til dei elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje som vart bygd kring 1190 — opprinneleg truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt.   Les mer …

 
 
Kategoriar for Edøya
ingen underkategorier
 
Mest lest