Friheimvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Friheimvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2018).

Friheimvegen i Øvre Bø i Midt-Telemark kommune går sørover frå Seljordvegen til Vollevegen og er om lag 320 meter lang.

Vegen har namn etter grendehuset Friheim, som er nr. 20 til vegen, og blei namnsett i 1996. Han går gjennom eit lite bustadfelt med einebustader. Åtte av desse høyrer til Friheimvegen.

Det var Øvre Bø ungdomslag som sette opp grendehuset i 1938–39 på tomt skilt ut frå Vollemoen, bnr. 11. Dette blei seinare rive, og dagens hus sto ferdig i 1977.

7. juni 1980 blei det avduka ein bautastein til minne om målmannen Halvor Klasson Grave på Friheim. Denne steinen er toppen av ein bauta som skulle til Bø kyrkje. Under transporten frå Basmoen i Øvrebøskogen braut dei av eit stykke av toppen, så dei fann eit nytt emne. Resten av steinen bøheringane vraka, blei sett opp utanfor Seljord kyrkje der han står den dag i dag.

Kjelder

  • Lunde, Gunnar: Bøsoga I, kultursoga. Bø kommune 1972.
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band III. Bø kommune 1985.
  • Kartverket: Norgeskart


Koordinater: 59.42321° N 8.89703° Ø