Furnes (Sunnylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Furnes
P7230329.JPG
Garden Furnes sett frå Timbjørgheiane på motsett side av fjorden
Fyrst nemnd: 1604
Stad: Sunnylvsfjorden
Sokn: Sunnylven
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Stranda
Gnr.: 103
Postnummer: 6218

Furnes er ein gard i Sunnylvsfjorden i Stranda kommune. Garden ligg ca. 8 km nord for tettstaden Hellesylt, høgt oppe på ein hylle ca. 450 m.o.h på austsida av Sunnylvsfjorden. Garden grensar i nord mot Oaldsbygda og i sør mot matrikkelgarden Lundanes. Garden blei i 1868 råka av eit snøras som tok husa og drepte to menneske.

Eigarar og brukarar

Garden var opprinneleg krongods. Ludvik Munthe blei eigar av garden som betaling for lån til Kongen i 1649. Rasmus Pederson Furnes (f. 1798) kjøpte garden i 1819. Garden har alltid vore einbølt (eitt bruk). Etter den gamle skylda var 2 mellag (1631), eller 1 pund 12 merk fisk (1819). Matrikkelskylda var 1,02 skyldmark (1886).

1603. Guttorm Arnesson g.m. Karen Olsdotter
1631. Knut Guttormsen fekk bygsel.
1640. Syver Pedersen fekk bygsel på 1 mellag
1694. Jon Knutsson Årset f. 1664 d. 1740 brukte 1/2 våg fisk. I 1711 (Skoskatten) hadde han fire barn, ein son og tre jenter. [1]
  • g m Gullov Larsdotter
Barn:
  • Knut Jonsson flytte til Gomsdal og blei brukar i Gomsdal.
  • Lars Jonsson blei brukar på Eliasbruket på Helset. Lars Jonsson Helset døydde barnlaus i 1773 og skiftet gjev detaljerte opplysningar om arvingane som levde då. [2]
  • Anne Jonsdotter g m Nils Kirkeide, Stryn
  • Ingeborg Jonsdotter g m (ukjent) budde på Giskehaug i Stranda.
  • Solveig Jonsdotter f. ca. 1700.
1716 Peder Ingebrigtsson Møll d.y byglsa halve bruket. Han var gift med Ingeborg Jonsdotter Furnes.
1719 Peder Andersson fekk bygsel var gift med enkja etter førre brukar. Peder og Ingeborg flytte først til Isflå i Sunnylven, seinare Duken Stranda og tilslutt Giskehaug i Stranda
1721 Bygsel til Knut Arnesson Seljeflot. Jon Knutsson Furnes fekk kår og døydde i 1740.
1747 Anders Arnesson Seljeflot fekk bygsel på 2 mellag.
1764 Peder Pedersson Syltevikli blei brukar dette året
1797 Sonen Peder Pedersson Furnes f. 1767 fekk bygsel på 1 pund 12 merk fisk frå Nils Ingebrigtsson Øvre-Ljøen.
1819 Sonen Rasmus Pedersson
  • g m Guro Hansdotter Stokke
1839 Knut Amundsson Lillebø
1842 Gunnar Rasmusson son til Rasmus Pedersson og Guro Hansdotter
1868 Rasmus og Guro døydde i snøfonna dette året
1875 Elias Jacobson Øvstegård var brukar. [3] Flytte frå garden kring 1881
1881 Lars Petter Olsson Matvik f. 1849. Lars Petter selde garden i 1888.
1888 Garden blei fråflytt.

Husmannsplasser

Husmannsplassen Furnesvika 62.1351014° N 6.9826946° Ø låg nede ved fjorden og var busett i 1891. [4] Iver Andreas Olsson f. 1866 Åsneset og Regina Olsdotter Matvik budde på plassen i 1891.

Galleri

Kjelder og litteratur

Gardar i Stranda kommune

Fotnotar

Kjelder

Litteratur

Nettsider

Koordinater: 62.1446073° N 7.0002624° Ø