Gamle Fedje skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Feios skule gamle.jpg
Steinrøys om lag der gamleskulen på Fedjane stod før i tida. Dagens Feios skule er det røde bygget lenger ned
Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fedje skule låg på Fedjane gard i Fedje skulekrins berre kort avstand frå dagens skule på Feios frå 1959, i Vik.

Skulehuset

Fedje skule som den heite må ha fått skulestove rimeleg tidleg, for allereie i 1863 står det i karakterprotokollen for Rinde sokn (Fedje, Dale og Berdal) at skulen blei halden i "kredsstuen" på Fedje av lærar Knud Chr. Hamre. Saman med sokneprest Johan Haslund har også Christen Fedje undertekna protokollen, truleg som skulestyrar og representant for lokalsamfunnet. I femårsmeldinga frå 1896 for Leikanger kan ein lese detta om skulen: "Fedje skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 32 børn) og et større loftsværelse, der du kan benyttes til sløidlokale, samt lærerbolig nemlig: stue, kammer, et loftsværelse, kjøkken, gang og kjælder."

Andre bruksområde

I 1899 søkte Feios ungdomsarbeidsforening om å få tillatelse til å få nytta skulehuset til å halde møter. På bakgrunn av dette ynskjet frå ungdommen i bygda kom Leikanger skulestyre vinteren 1899 fram til at dei skulle få lov til å halde møtane sine på skulen. I dette høvet hadde skulestyret satt opp nokre reglar på generell basis for utlån av skulen. Nokre døme på krava dei hadde var at religiøse og såkalla almennyttige foredrag og møter kunne gjennomføras i skulestova så lenge dei ikkje "strider mod religion og ærbarhed". Skulle det koma framande religiøse talarar eller predikantar måtte dei ha anbefaling frå soknepresten. Dei som organiserte møter på skulen måtte sjølve stå for utgiftar til reinhald, ljos og brensel. Desse reglane gjaldt for alle som ville ta skulehuset i bruk til sine formål frå og med 1. januar 1900. Dette blei og undertekna lærar Nils Tjønn (1860-1920).

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Beretning om Leikangers folkeskoler for 5-året 1891-1895. J.D. Beyers bog- &accidentstrykkeri 1896
  • Karakterprotokoll for Fedje, Dale og Berdal (i Rinde sokn, Leikangers prestegjeld) 1863-1874
  • Møtebok for Fedje skule 1890-1968

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.12991° N 6.74680° Ø