Gardar (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gardar (Fyresdal gnr. 36/1/36) er ein eigedom i Fyresdal kommune med adresse Landstadvegen 37 som er utskild frå Fyresdal prestegard, Moland gard (Fyresdal gnr. 36/1).

Ved feste 1915 fekk Fyresdal kommune ei 2000 kvadratmeter stor tomt for 99 år. Årleg leige skulle vere 30 kroner. På denne tomta vart det bygd bustad for distriktslækjaren, dette vart gjort i 1916. Bygningen fekk namnet Gardar, og litt lengre nord var skulehuset Gimle, båe var namn med tyngde.

Den fyrste distriktslækjaren som tok bustaden i bruk var Finn Grimsgård (1865-1930). Han hadde til då budd på Funnemark (Fyresdal gnr. 42/4) i Hegglandsgrend i Fyresdal frå 1916 og til dei kom hit i 1917. På eit tidleg foto av Gardar er det truleg denne familien som står i framgrunnen.

Den neste distriktslækjaren som budde her var Georg Thorleif Limseth (1895-1982) som var distriktslækjar frå 1925 til 1950.

Under 2. verdskrigen hadde tyskarane ein fangeleir på Gimle og nærliggande losjehus, og Gardar fungera som offisersforlegning. Distriktslækjaren heldt då til på ein gard i nærleiken, Sigtun (Fyresdal gnr. 35/8). Der hadde distriktslækjar Johan Werner (1872-) bygd seg bustad og kontor der dei budde 1901-1910 , dei kom då frå Folkvang i Folkestadbyen der han hadde leigd seg husrom. Sigtun vart seld.

I 1950 kom Johannes Kjøs (1912 -1985) til distriktet og bustaden, han var distriktslækjar i mest 30 år. Den siste distriktslækjaren, Olav Momrak – Haugan (1936 - ) flytta inn i bustaden desember 1980, tok fatt i stillinga 1/1 - 1981 og var statleg tilsatt til 1/1-1984. Då opphøyrde institusjonen med statleg tilsatt distriktslækjarar, distriktslækjaren vart høgtideleg sagt opp av departementet og kunne så søke om å få halde fram som kommunalt tilsatt kommunelege. Kommunelækjaren hadde bygd nytt hus på slektsgarden, familen flytta dit 1985, og etter dette var Gardar ikkje lengre bustad for lækjar. Ein tradisjonsrik periode var til ende.

Ein kort periode var så huset bustad for lensmannsbetjent. Det vart drøfta diverse alternativ til bruk: Nokre år vart det drive barnehage her medan det vart bygd ferdig ny barnehage, då vart all drift samla der. Det var vanskeleg å finne ei god løysing for bruk på lengre sikt, huset stod periodevis tomt. I 2015 vart det drøfta å selje huset, men av fleire grunnar vart dette ikkje vedteke i kommunestyret.


Bygningen

Det var eit særs stasleg og fornemt hus då det vart bygd.

Utvendig var det prega av sein renessanse/moderat sveitserstil med tanke på vinduer, dørar og listverk i det heile. Mot hagen var der frontispis, det er eit gavlutspring i plan med veggen. I denne trekanten var eit lunette, det er eit halvmåneforma vindaugo. Frå andre høgda kom ein ut på ein altan som var over hagedøra frå stovene, men her var altså ikkje veranda den gong. (Dette er ei løysing som og var på slottet i Oslo i ein tidleg fase før det der og vart bygd om til ein veranda!)

Grunnplanen er ein tradisjonell med 6 rom. Frå tunet kjem ein inn i ein gang med trapp opp til 2. høgda og ei spisestove/hagestove rett fram. Denne har 5 dørar, der den eine går ut til hagen, og eit vindauge. Til venstre, mot aust, var det to stover som i seinare tid er slått saman til ei. Til høgre, i den vestlege delen, er kjøkken og eit rom til legekontor med eigen inngang og eit lite venterom. I 2. høgda 5 soverom med ein trappeoppgang i midten. Ein veit ikkje, men i same periode og med liknande preg vart det bygd hus på Foldsæ jordbruksskule og på Jonsborg, mogleg arkitekt Børve kan ha teikna dette bygget og.

Litt før 1980 vart bygningen radikalt restaurert/rehabilitert slik at alt av veggar, tak og anna inne vart endra, og det vart satt inn nye funksjonelle vindaugo med krysspost, tradisjonelt plassera i tidlegare opningar. Eit imponerande stilfullt bygg sett utanfrå, men av det ytre er det bare det nemnde lunette som er att. Kor mykje hagen har vore opparbeidd er usikkert, men i 1980 var det tydelege spor etter blomsterbedd, hellegangar og trapp ned til eit lågare parti. Enkelte frukttre stod og att.

Truleg ein gong på 60 talet vart legekontoret flytta ut i eit frittliggande tilbygg mot vest med passasje mellom gamalt og nytt, der var to legekontor, undersøkingsrom, rom for helesyster og venterom. Omkring 1980 vart denne fløya utvida att vidare mot vest med mange rom. Legekontoret i hovudbygningen vart til ei lita stove og her vart og kjøkkeninngang.

I 2020 er framtida til bygningen igjen uviss.

Distriktslækjarar i Fyresdal

Etter at herredstyret vedtok at det skulle vere ein distriktslækjar i Fyresdal veit ein om desse:

Finn Grimsgaard (1865-1930) i åra 1892 – 1897

Eivind Karud i åra 1898 – 1900

Johan Werner (1872 - ) i åra 1900 – 1911

Finn Grimsgaard der årstala 1916,1917 0g 1918 er kjende

Georg Thorleif Limseth (1895-1982) i åra 1925 – 1950.

Johannes Kjøs (1912 -1985) i åra 1950 – 1980

Olav Momrak-Haugan (1936 - ) i åra 1981 – 1984 då distriktslækjarstillinga opphøyrde.

Kjelder

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag
  • Veum, Torleiv O.: Thorleif Limseth – Distriktslege i Fyresdal frå 1925 – 1950. Sjå deg attyvi. Fyresdal sogelag 2014. s. 68-76.
  • Veum, Lars: Sigtun, GNR.35, BNR.8 i Fyresdal. Sjå deg attyvi. Fyresdal sogelag 2014. s. 58-59.

Biletgalleri