Jonsborg (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonsborg
Jonsborg i Fyresdal .png
Jonsborg.
Foto: Julius Nilsen (1945).
Bygningsdata
Byggeår: 1918
Første eier: Jon Laurits Qvisling (1844-1930)
Arkitekt: Haldor Larsen Børve (1857-1933) ???
Byggmester: Talleiv Bjåland (1867-1954)
Materiale: Tømmer
Teknikk: Lafteverk
Formål: Bolig
Sted: Hegglandsgrend
Kommune: Fyresdal kommune
Fylke: Telemark
Gnr.: 42
Bnr: 5

Jonsborg, gnr. 42, bnr 5 i Fyresdal er ein villa med sidebygningar i Hegglandsgrend i Fyresdal kommune.

Husmannsplassen Jonsborg

Denne låg syd for tunet på hovudgarden Lunden (Fyresdal gnr. 42/1). Lensmann Lars Abraham Rasmusson Qvisling (1816-1876) på Lunden var gift med Gro Jonsdotter N. Fjone (1821-1900). Som enke selde Gro Qvisling denne eigedomen i 1898 til sonen Jon Laurits Qvisling (1844-1930), den var skyldsatt 1897. Han selde i 1911 vidare til broren Hans Qvisling. Etter det har det vore fleire eigarar innan slekta. I 2019 er dette Søgard Lunden (Fyresdal gnr. 42/3). Tuftene til husmannsplassen ligg oppe i bakken i høve til det nye tunet.

Villaen Jonsborg

Ved skylddeling 1918 kom denne eigedomen frå Lunden. Ein parsell var skild ut frå naboeigedomen Funnemark (Fyresdal gnr. 42/4) og lagt til i 1928 og den gamle delen av eigedomen kjøpte Jon av syster si, Signe Maline Q. Fossum (1848.1949).

På denne eigedomen bygde så prost Jon Laurits Qvisling sin pensjonistbustad i 1918 og gav den namnet Jonsborg, han var gift med Anne Karoline Bang (1860-1941). I tunet er ein hovudbygning, eit stabbur og ein sidebygning, alle i ein nasjonalromantisk drakestil, og eit reiskapshus. Det er og ein del jord til eigedomen. Jonsborg ligg nord for tunet på Lunden og oppe i bakken her er tuftene etter husmannsplassen Jegersborg.

Byggmeister og bygning

Desse husa er bygd i 1918 av ein byggmeister frå Hauggrend i Fyresdal, Talleiv Bjåland (1867-1954). Dei er lafta og i ein stil som er litt framand i Fyresdal. Denne stilforma, ein nasjonalromantisk drakestil, finn ein i bygningen til Hotel Dalen som er på Dalen i Tokke kommune, ikkje langt frå Fyresdal. Denne bygningen er bygd 1894 og teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve (1857-1933) i Skien. Same arkitekten teikna tre bygningar til den nystarta jordbruksskulen på Foldsæ, mellom dei skule- og internatbygningen Dovrehalla som er lafta i delvis tre høgder. Denne bygningen vart reist i 1923 av nemnde byggmeister Talleiv Bjåland.

Dersom ein ser nærmare på hovedbygningen så finn ein at den er bygd med plankelaft, dette og stilen er uvanleg i Fyresdal. Her er mønekam, spir og dragehovud på taket. Dersom ein så ser på det som vart produsert på Strømmen Trævarefabrik i denne perioden, så er det mellom anna mange bygningar med variert form liknande den som er på Jonsborg. I same storleik, av og til nemnde som bustad, andre gonger som fritidshus. Riksantikvaren har laga ei liste over teikningar av bygg frå Strømmen, som dei påpeikar at ikkje er fullstendig. Jonsborg er frå 1918. Ser ein i nemnde liste er det tre bygg frå 1918. Der er to av bygga ført opp med kjøpar, men ikkje den tredje. Der står: Bolig/Fritidsbolig. Signatur arkitekt Olav Olson [*] og E. B. RA 193. Stjerna står for usikker. Det er vel då liten tvil om at det er Jonsborg til prost Quisling som her er nemnt. Det var fleire store transportar frå Strømmen Trævarefabrik til Fyresdal i denne perioden. Det var då via kanalen frå Skien til Bandaksli. Talleiv Bjåland kan så ha stått for oppføring av dette bygget samt stabburet og dei andre husa. Spanande om B. kan stå for Børve, men den andre bokstaven stemmer ikkje med det!

Det vart og bygd ei hytte i same stil inne på Homvatn som ligg langt inne på heia i aust mot Nissedal, denne brann før andre verdskrigen og det vart bygd ny hytte i enklare stil.

Andre verdskrig og bygningane

Prost Qvisling døydde i 1930 og Anne Karoline i 1941, ho hadde nokre år tidlegare flytta til Oslo. Bygningen Jonsborg vart difor ståande ubrukt. Sjølve garden Lunden hadde dotter til lensmann Qvisling, Anne Susanne Malene Abrahamsdotter Qvisling Lunden (1867-1942), overtatt. Sonen til prost Qvisling og kona, Vidkun Abraham Laurits Quisling (1887-1945), etablera seg tidleg i Fyresdal. Dei gongene han var i Fyresdal budde han i hovudbygningen på Lunden, denne fekk han endra ein god del, og Jonsborg vart nytta som tilhaldsstad for hirda hans. På Homvatn likte han seg særs godt, kjende seg trygg, denne hytta låg langt av lei.

Desse eigedomane etter far og farsyster tok han i bruk, men eigde altså ikkje, og etter krigen overtok arvingar att. Dei er i 2019 framleis i familien sitt eige.

Eigedomen Funnemark, som Signe Maline Abrahamsdotter Q. Fossum hadde arva, selde ho til sonen Gunnar Torbjørn Fossum i 1930. Denne eigedomen består av tre teigar, gnr. 42/4, gnr. 43/7 og gnr. 43/8. Gunnar Fossum drog til Amerika og selde så Funnemark til sin fetter Vidkun i 1936 for 7000 kroner. Dette var altså den einaste eigedomen Vidkun Quisling eigde i Fyresdal, den vart etter krigen konfiskert og seld ut av slekta. På gnr. 43/7 ligg bygningen Vollane der Signe Qvisling Fossum hadde postopneri, der var og butikk.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid S.: Quisling-saga. Ættesaga frå det 16. århundre til 1945. Eige forlag 1993.
  • Amundsen, Kari. Anderson, Berit. Hvidsten, Ingeborg og Stefferud, Alf: Complet færdige Huse. Strømmen Trævarefabrik -ferdighusproduksjon 1884 – 1929. Bonytt forlag 2002 144 s.


Koordinater: 59.22688° N 8.09230° Ø