Garvikvegen (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Garvikvegen i Øvre Bø i Midt-Telemark kommune går nordvestover frå Seljordvegen ved Sandamoen til kommunegrensa mot Seljord ved austre ende av Seljordvatnet. Der endrar vegen namn til Garvikstrondi. Han er om lag 4,2 kilometer lang og følgjer sørsida av Bøelva, første tredelen i jordbrukslandskap, resten gjennom skog.
Vegen har namn etter staden og blei namnsett i 1991. Denne sida av Seljordsvatnet kallas Garviksida etter Garvikgardane.
Gardar
- Nr. 28: Sanda (31/4)
- Nr. 52: Øvrebø (29/2)
- Nr. 70: Øverbø (29/1)
- Nr. 200: Øvrebømoen (29/4)
- Nr. 204: Nedre Øverbømoen (29/5)
- Nr. 206, Øvre Øvrebømoen (29/9)
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.