Grøna mølle
Grøna mølle er ei bygdemølle på Lesjaskog. Den stod ved Grønfossen i Grøna i Grøndalen og var ei modernisering av den midte kverna same stad i 1932 (truleg ikkje teke i bruk før 1933). Ho og var vassdrive, og bygd av Brudelikarane frå Verma. Ho brann ned i 1944, og i 1946 etter vart ei ny mølle basert på elektrisk drift oppsett i Lesjaskog sentrum slik vi ser på bildet. I mellomtida vart kornet køyrd enten til Brustugukverna i Øverdalen eller til Leirmokverna på Nordmo.
Den første møllaren ved Grønfossen var Ragnar Mølmen, etter han kom Hans Lien og den siste møllaren før brannen var Sigurd Øverli. Peder Øverli var den første på den nye mølla, før Lars Haugen og Birger Hyttnes, som var den siste.
Grøna mølla var i drift til det var slutt på korndyrking til maling sist på 1960-talet. Lesjaskog Handelsforening kjøpte mølla, men selde ho seinare privat.
Litteratur
- Bjølverud, Bjarne 1984: «Kvernbruk i Grønfossen. Lesjaskog» i Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog side 53-56.
- Hole, Odd Reidar og Hans Enstad 2016: «Bruk av vasskraft til kverner og sagbruk, del VI» i Årsskrift for Lesja historielag side 11ff.
- Kjelland, Arnfinn 2008: Bygdebok for Lesja bd. 4 s. 130 (bildetekst)
- Mølmen, Edvar O. 2009: «Om møller ved Grønfossen» i Årsskrift for Lesja historielag side 69-71.