Lesjaskog sentrum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Lesjaskog sentrum omkring 1923.
Foto: Hans H. Joramo

Lesjaskog sentrum eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av tettstadsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå og med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt ca 1987) til og med Lesjaskog skule.

1700- og 1800-talet

Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var jernverket kome i drift, og det vart nok meir trafikk over Lesjaskogsvatnet, truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå Veblungsnes snudde her etter å ha lasta over varene på båtar.

Den første faste buplassen i området her er så langt det har vore råd å finne ut var altså Mølme (namnet er best kjent i dativ: Mølmen), litt lenger vest for vassenden og vest for Mølmsåe. Den vart rydda eit av dei fyrste tiåra på 1700-talet som husmannsplass under Øverlie. I 1795 kjøpte brukaren Mølme til sjølveige, og på den tida var det etablert gjestgjevarverksemd der. Det er kanskje grunnen til at kornmagasinet for soknet vart plassert her. I 1837 fekk Mølme løyve som skysskiftestasjon og i 1852 som skysstasjon med plikt til å halde fem hestar.

I 1855 vart så kyrkja som før stod ved jernverket flytt til tomt frå Øverlie rett ovafor Mølme, og i 1872 vart Kyrkjestugu bygd som kommunehus og etter kvart fastskule ved kyrkja.

Samstundes skaut utviklinga i Mølme fart. Ole O. Mølmen (1830-1912) starta med handelsverksemd på garden kring 1860, og frå 1862 var det òg postutlevering der. I 1867 var «Lesjaskogens Poståbneri» opna.

I 1874 vart Mølmen hotell bygd. Det brann ned i 1890, men vart bygd opp att året etter og var i drift til ut på 1970-talet. Kongefamilien overnatta på Mølmen hotell under kroningsreisa i 1906.

1900-talet

Kongefamilien ved Mølmen Hotell under kroningsreisa i 1906.
Foto: Ukjent

Handelen i Mølme vart flytt til eige butikklokale ovafor Nørdre Rundtom noko ut på 1900-talet. Den butikken brann ned i 1925. Om lag samstundes bygde Lesjaskog handelsforening butikk litt lenger vest på øversida av riksvegen. Der har foreininga butikk framleis (i 2016).

Lesjaskog sparebank kom i gang frå nyttår 1909-10. Banken leigde rom i Mølme dei fyrste åra. I 1928 vart det bestemt å bygge felles bank- og kommunehus. Ny skule vart bygd drygt 1,5 km aust for kyrkja kring 1900. Grunnen var at den skulle ligge midt i Kyrkjekretsen.

Med jernbaneanlegget og bygginga av Lesjaskog stasjon skaut utviklinga fart. Det var mange jernbanefunksjonærar og -arbeidsfolk dei første tiåra, og fleire av dei slo seg ned kring stasjonane og bygde seg bustadhus.

Grøna mølle vart bygd opp att her i sentrum i 1945.

Fyrst i 1970-åra vart Øverbygdsvegen bygd opp frå banken og opp til Enstadgardane, og avløyste dei eldre gardsvegane opp frå riksvegen. Den private aldersheimen «Eldres Senter» vart opna ved riksvegen noko aust for den gamle busetnaden i 1974. Den vart overteke av Lesja kommune i 1984. Sparebanken vart fusjonert inn i Gudbrandsdal sparebank i 1980-åra, først som filial, deretter nedlagt på 1990-talet.

Ved riksvegen hadde Enok Devold bilverkstad og bensinstasjon frå 1948 til 1978. Noko ut på 1980-talet vart Lesjaskog Auto etablert litt lenger aust for sentrum ved den gamle riksvegen.

Det har vore fleire møbelverkstader i Lesjaskog sentrum, i alle fall ved Nørdre Rundtom, ved Bjørkheim og så Lesjaskog Møbler frå ca 1973.

Kring 1980 vart det regulert bustadfelt austover frå den gamle busetnaden ovafor riksvegen, og bygd ein god del nyare bustadhus.

Bilete frå Lesjaskog sentrum

Litteratur

Koordinater: 62.23294° N 8.35299° Ø