Grostulhaugane (veg i Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Grostulhaugane»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Grostulhaugane sett austover med nr. 7, 9 og 11.
Foto: Roy Olsen (2018).

Grostulhaugane er ein hytteveg på Lifjell i i Midt-Telemark kommune som går vestover frå Grostulvegen, gjer ein krapp sving austover og ender blindt i hyttefeltet. Han er 230 meter lang.

Vegen har namn etter stulen Grostul og blei namnsett i 2013. Det ligg 12 hyttetomter attmed vegen, og pr. 2018 er det bygd på åtte av dei. Utbygginga starta kring 2010.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bø kommune, Utval for plan, teknikk og næring sak 102/13.


Koordinater: 59.47620° N 8.99993° Ø