Gudbrandsdøl (dialekt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gudbrandsdøl, òg kalla gudbrandsdalsmål, gudbrandsdalsdialekt og gudbrandsdaling, eller rett og slett døl, er dialekten som blir tala i Gudbrandsdalen. Kjerneområdet er Nord-Gudbrandsdalen, og dialekten der blir gjerne kalla norddøl. Gudbrandsdøl blir rekna til midlandsmåli av austnorsk, men har òg ein del til felles med østerdøl og opplandsmål så vel som med trønder. Karakteristiske dialektdrag inkluderer jamvekt med kløyvd infinitiv (å væra, å tåłå; å víse, å kaste), tjukk l (båł), delt hokjønn (bygdé, vísa) og reduksjon av endings-a i overvektsendingar både i historisk sett open (å kaste, ei kjørhkje) og historisk sett dekt posisjon (fłeire hæste). Elles er å merke seg kraftig preaspirasjon føre lang, ustemt lukkelyd (knahpp, dæhtte, bahkke) og, særleg i norddøl, mykje bruk av kort trykksterk staving (ei vĭku, ei hŏło, eitt vĕt).

Kjelder og litteratur