Gulen sokn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Gulen kyrkje i Eivindvik
Foto: John Erling Blad, 2008
Gulen sokn, tidlegare Eivindvik hovudsokn. Gulen kyrkje ligg her.

I 1890-åra skifta kommunen og kyrkjesoknet namn til Gulen. Tidlegare var namnet Eivindvik kommune og Eivindvik hovudsokn. Fra reformasjonen i 1536 til 1808 omfatta prestegjeldet Eivindvik hovedsokn og Utvær eller Husøy kapellsokn av Voss og Nordhordland prosti, og Brekke, Bø og Lavik annekssokner av Ytre Sogn prosti. Soknepresten hadde stor prestegard i Eivindvik.

Vidare er opprekna inntektene. "Lat oss ikkje gløyme at revolusjonen var ein veldig revolusjon for folket, både åndeleg og økonomisk. Folk var ikkje heilt kome til hektene etter svartedauen og andre farsottar som hadde herja over landet. Deira økonomiske evne var nok sterkt avgrensa for å kunne møte dei problem som med tvang kom veltande innover dei. Kyrkjene som bøndene hadde plikt til halde vedlike kom til nedfalls." Ved reformasjonen vart Guløy og Risnefyrder kyrkjer saman med 3 andre kyrkjer gjort til soknekyrkjer, i det nyoppretta vidstrakte Eivindvik prestegjeld.

Bøndene var klar over pliktene sine andsynes vedlikehald av kyrkjene og hadde gjort seg flid med å skaffe saman materialer til dette føremålet. Av folket i Gulafjordane var materialane lunna opp ved sjøen på Flolidstranda, der kyrkja stod, og av folket i Risnefjorden var materialane sanka saman på Haugland der kyrkja stod. I mellomtida hadde nok makthavarane avgjort at båe desse kyrkjena skulle flyttast slik det i segner vert fortalt.

Til vøla av kyrkja hadde bøndene samla saman materialer som var lunna opp på Flolidstranda, nede ved sjøen. Spørsmålet om å flytte kyrkja til Eivindvik kom opp, men det sette gulingane seg i mot og det vart strid. Ei natt rauk det opp med sterk storm og høg sjø, ein stokk frå tømmerlunningane Flolidstranda kom på rek. Om morgonen fann dei stokken driven på land i Eivindvik og fått denne påskrifta: "På Evenvig rinde skal kirken binde." Med det vart striden avblåst. og kyrkja flytta til Eivindvik.

I Brekkeboki bind 1 side 78 skriv Ludvig Engesæter: "Den katolske kirken stod på Haugland ved Risnefjorden. En har her sett bort frå de gamle sagn om flytting av kirka. Gamle folk har fortalt dem og vi har vistnok alle hørt dem. Tømmer til nytt kirkebygg på Haugaland var kjøpt. Tømmeret lå i flåter ved Hauglandsneset. Ei høstnatt blei alle fortøiningene slitt. Vind og strøm førte tømmeret under Brekkelandet. Det var da klart at kirken skulle stå i Brekke".

Vidare fortel Brekkeboki: "Sorenskriver Jens Kraft trudde kirka var flytta frå Haugland i 1590, sokneprest Niels Dahl meinte også at kirka var bygget i 1590. Biskob dr Jakob Neumann hadde sett årstalet 1591 over kirkedøra. Den hadde då stått i 269 år (1590-1860). Den nye Brekke kirke var innvigd i 1862."

I sitt innhald var dei 2 sitera segner like, dei fortel oss greitt at folket i desse fjordane ville at kyrkja skulle stå på sine respektive stader som før, men vart sett under press ved påbod frå høgare hald. Og i kyrkjelege saker var presteskapet i dei dagane allmektige. Ansyndes ein fåkunnig og i tru og overtru truverdig ålmuge, skulle det vel for prestane ikkje store kunsten til for å syne at alle gode makter var på deira side. Prøver ein å trengje seg til botnar i desse segnene er det ikkje, miljøet som rådde hos makthavarane på den tida som minst kjem fram i dagen. Segnene me har føre oss er livsskildringar tekne ut frå det levande livet, slik dei gjekk føre seg for alvor for folket på den tida. Og det var på grunnlag av å granske livet som desse segnene, gjennom 300 år, hadde fortalt om, at sorenskrivar Jens Kraft og sokneprest Niels G. A. Dahl kom fram til det respektive resultat å kunne slå fast at kyrkja vart flytta frå Haugland til Brekke i 1590, før dei skarpe augo til biskop Neumann hadde funne årstalet 1591 over kyrkjedøra. Men så har heller ikkje folk i Brekke sokn hatt for skikk å så tvil og mistru til segner eller andre overlevingar som har gått i arv frå slekt til slekt.

Når det vert hevda at det har stått kyrkje i Eivindvik i lang tid før reformasjonen, er det ein påstand det ikkje i minste måte kan førast prov for, og har ingen heimel i soge eller tradisjon. Lat oss sjå kva den utflytte gulingen E. Bjorø, Ålesund, seier om det spørsmålet i boka "Eivindvik kirke og Gulens historie fra de eldste tider, 1939": "Det er ikke noget sagn eller historisk beretning som gir oss forvisning om at Olav den hellige bygget kirken i Eivindvik. Vi vet bare at han oppholdt seg i Gulen (Gula). De lærde her havt tilbøilighet til at kullkaste hele folketradisjonen, der alle uten undtagelse har henlagt Gulatinget og kirken til Guløy. For over 100 år siden fant man rester av grundmuren efter denne kirke. Både sorenskriver Blom og C Kraft mener at dette er kirken på Flolidstranden som Håkon Håkonesons saga omtaler. Prost Dahl og oberstløitnant Holch sier at der er fundet spor efter tomten, og at den opprindelige kirke er flyttet fra Flolid til Eivindvik." Guløy kirke nevnes gjennom diplomer og sagaen 1240-1263.

Kjelder