Gulsvikstova

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gulsvikstova på Norsk Folkemuseum.
Foto: Jan-Tore Egge (2016).
Stova på eit postkort frå 1930.
Foto: Ukjend

Gulsvikstova er ei stove med bislag frå Nordre Gulsvik i Flå kommune. Stova er frå 1700-talet.

Nordre Gulsvik var lenge skysstasjon, og over ei dør finn ein innskrifta «Kom Hid min Wen Jeg Vil Dig Skienke See Du Skal Evig Paa Mig Tienke». Døra leia til eit tilbygg som ikkje vart med til museet. Det var fleire senger der reisande kunne overnatte. Ei seng i to lengder i det eine kammerset er truleg frå 1700-talet

Ein del av interiøret og ei list er merka med året 1755, og fleire møblar vart rosemåla på slutten av 1700-talet.

Adolph Tidemand vitja Gulsvikstova i 1849, og på måleriet «De ensomme gamle» kan ein sjå interiøret slik det var den gongen.

Stova vart overført til Norsk Folkemuseum i 1908, og sett opp Hallingdalstunet i 1911.

Litteratur og kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010..