Gunnulf Kleveland (1907–1993)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnulf Kleveland Kjelde: Norges filologer og realister, 1950

Gunnulf Kleveland (fødd 13. juni 1907 i Evje, død 14. januar 1993) var filolog og lektor.

Gunnulf Kleveland var son av bonden Olav Nilsson Kleveland (1841–1934) og Gunhild Torgeirsdotter Åneland (1870–1962). Han tok examen artium i 1928 og vart cand. philol. frå Universitetet i Oslo med latin og tysk som sidefag og norsk hovudfag i 1936.[1][2] Han arbeidde som lærar og lektor ved Sarpsborg kommunale høyere almenskole frå 1937 til 1951, med eit avbrot frå 1947 til 1949, da han var lektor i norsk ved Stockholms högskola og reiselektor for Foreningen Norden i Sverige.[3] Frå 1951 var han lektor ved Drammen offentlige høyere almenskole.[2]

Kleveland var oppteken av å ta vare på Setesdals-tradisjon. Han nedteikna "Bryllupsmarsj" etter Knut Kleveland, ein folketone frå Evje. Bryllupsmarsjen er arrangert for orgel av Eilert Magnus Hægeland som også framførte han på fleire konsertar.[4] Folkemusikken i Setesdal kom i 2019 inn på FNs liste over immateriell kulturarv.[5] Gjennom å skrive ned bruremarsjen frå Evje har Kleveland vore med på arbeidet med å tryggje denne immaterielle kulturarven. Kleveland har også skrive ned minne om ferdsel langs landevegen i Evje tidleg på 1900-talet i teksten "Langs ein landeveg" i Jol i Setesdal 1974.[6][7]

Kleveland laga eit par skolebøker for latinfaget i den vidaregående skulen og omsette Plautus' Skrømtet (Mostellaria) til norsk (1982).[8][9][10]

Kleveland var styremedlem i Studentmållaget i Oslo hausten 1935.[11] Han var formann i Pedagogisk forening i Sarpsborg 1945–1947, og i 1952 vart han formann i Drammen lokallag av Foreningen Norden. Han var riddar av ordenen åt Filologisk Forening ved Universitetet i Oslo, Den gylne ugle.[1][2]

Gunnulf Kleveland gifta seg i 1949 med Elise Bo (1915–1996) frå Kongens Lyngby i Danmark. Elise Kleveland var også lektor ved Drammen offentlige høyere almenskole.[12] Dei hadde ei dotter.[2]

Referansar

  1. 1,0 1,1 Ekrheim, Helga Sverdrup (1950). Norges filologer og realister. Stavanger: I hovedkommisjon hos Otto Floor's arvinger A/S. s. 447.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Studentene fra 1928. Oslo. 1953. s. 193.
  3. Vik, Trygve (1958). Sarpsborg høyere almenskoles historie : 1858-1958. Sarpsborg: Sarpsborg kommune. s. 158, 185.
  4. «Tysdagssending i Valle Radio 20170905 – Setesdalswiki». www.setesdalswiki.no. Besøkt 8. september 2020
  5. «UNESCO - Practice of traditional music and dance in Setesdal, playing, dancing and singing (stev/stevjing)». ich.unesco.org (engelsk).
  6. «Jol i Setesdal 1974 – Setesdalswiki». www.setesdalswiki.no
  7. Gunnulf Kleveland (1974). «Langs ein landeveg». Jol i Setesdal 1974: 23–25.
  8. Kraggerud, Egil (26. februar 2020). «Plautus». Store norske leksikon.
  9. «Latinsk stiløving : versjon og retroversjon - Nasjonalbiblioteket». www.nb.no.
  10. «Kontrollspørsmål til romersk kulturhistorie». bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com (norsk).
  11. Studentmållaget i Oslo 50 år. Oslo. 1952. s. 183.
  12. Harald I. Gløersen (1966): Drammen latinskole gjennom 150 år, s. 186. Drammen: Harald Lyche & Co.

Litteratur og kjelder