Gustav Adolph Lammers

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Gustav Adolf Lammers)
Hopp til navigering Hopp til søk
Selvportrett, olje på lerret

Gustav Adolph Lammers (fødd 26. mai 1802 i København, død 2. mai 1878 i Skien) starta den fyrste dissidentermenigheita i landet. Forutan å ha vore ei av inspirasjonskjeldene til Henrik Ibsens dramatiske verk Brand, verka Lammers som arkitekt og kunstnar.

Liv og virke

Lammers var elev hjå H. Linstow ved Den kongelige Tegneskole i Christiania kring 1820. Samstundes studerte han teologi. Frå 1827 til 1835 verka han som prest i Hospitalskirken i Trondhjem, og etter dette vart han utnevnt til sokneprest i Bamble.

Han gifta seg med Henriette Nicoline Rode (1810–1898) den 20. februar 1829. Ho var dotter av generalkrigskommissær Hans Henrik Rode (1767–1830) av Rode (slekt).[1]

Frå 1839 til 1844 var Lammers stortingsmann fra Bratsbergs amt. Han får æra for å vere den drivande krafta i Stortinget for å oppheve konventikkelplakata, slik at folk kunne ha møte utan ein prest sin tillatelse og lese fra Bibelen. Like etter stortingsperioden, i 1845, fekk ført opp ei ny kyrkje i Bamble der han sjølv var arkitekt. Dette var Bamble kyrkje, og Lammers måla sjølv korbilda i kyrkja. Han var også arkitekten bak Hisøy kyrkje like ved Arendal i 1849, og eit bedehus i Skien bygd i 1850.

Lammerske bevegelse

Under et studieopphald i Tyskland kom Lammers inn i eit miljø der han blei døypt i Den Heilage Ande. Når han kom attende til Noreg fekk han kontakt med ein familie av likesinna der dei med bøn og skriftlesing følte dei blei fylt av Anden. Når Lammers skulle tale i kyrkja etter dette, fall Den Heilage Ande også der.

Lammers stifta landets fyrste dissidentermenighet i Skien i 1853, og i løpet av nokre få år hadde det oppstått lammerske frimenigheter og grupper fleire stader i Noreg. Lammers blei sokneprest i Christianskyrkja i Skien, men meldte seg ut av statskyrkja i 1856. (Andreas Hauge, sonen til den meir kjende Hans Nielsen Hauge, tok då over som sokneprest i Skien).

Lammers stifta frikyrkja «Den frie apostolisk-christelige Menighed», som snart fekk avleggarar fleire andre stader i landet, m.a. i Kristiansand. For Lammers blei oppholdet frå statskyrkja kortvarig, og i 1860 var han attende. Det Norske Misjonsforbund reknar Lammers som sin grunnlegger, til trass for at han få år etter utmeldinga frå Den norske kirke gjekk attende til Statskyrkja.

Etter 1860 fekk dei kunstneriske interessene hjå Lammers meir fokus. Han gav også ut flere salmesamlinger, m.a. Christelig Psalmebog, trykt i Skien i 1852.

Henrik Ibsen si syster, Hedvig Cathrine Stousland, var ei av Lammers' næraste støttespelarar, og elles ein god ven. Ho ligg gravlagd attmed Lammers og kone på Lie kyrkjegard i Skien.

Sjå også

Referansar

  1. Moe, Steinar: G A Lammers i Norsk biografisk leksikon, 13. februar 2009, hentet 16. april 2018

Kjelder og eksterne lenker