Hølje Gonge

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygdekunstnaren Hølje Nirison Gonge blei født på Haugestaul i Dalangrendi i Seljord 28. februar 1819. Då han var i ti-årsalderen, blei han lam i føtene. Han fekk også vanskar med pusten, og måtte difor sitja i ein kubbestol både dag og natt. Faren, Niri, hadde kome frå Enderjord på Seljordshei, og var ein uvanleg gløgg og haghendt mann. Mora, Aslaug, var frå Midtsund i Kviteseid, og var både klok og kunnig. Hølje hadde såleis god slektsarv, men dei uføre føtene hans gav han tilnamnet «Krøplingen frå Seljordshei».

Harde slag i barndom,- og ungdomstid

I oppveksten var Hølje ein særs kvikk og lettføtt gut, men ein vårdag sprang han etter ein hare i nysnø og ulende. Då han kom heimatt i kveldinga, var han heilt utsliten. Han måtte beint til sengs, men blei svært sjuk i løpet av natta. Etter den dagen var Hølje lam i begge føtene. Dei prøva å finne lækjarhjelp, men det var nyttelaust. Det var eit uvanleg tungt slag for huslyden at guten blei ufør. I den tida var det ikkje trygdeordningar av noko slag, dei måtte berge seg som best dei kunne på eiga hand.

Rett ille var det at året før mista dei den eldste sonen, Knut. Han hadde gått på «Køsaskulen» i Kviteseid, og etter at han gjekk ut derifrå med særs gode karakterar, var han lærar eitt halvt år. Han kom heim til jol, blei brått sjuk i nyttårshelga, og døydde berre 22 år gamal. Då faren kom til presten Hans Landstad og melde dødsfallet til sonen, såg presten alvordsamt ut i lufta og sa: «Det var en skadedød.»

Etter desse sørgjelege hendingane, kom huslyden til at dei ville flytte frå Haugestaul der utsynet var storslege, fritt og ope, til Gonge. Frå det tunet ser ein berre skog, ei tjønn og eit hengjebratt, høgt fjell som stenger for verda utanfor. Dette fortel ein god del om sorg og huglag hjå Hølje og resten av huslyden.

Opplæring i handverk

Ei hjelp var det at samhaldet i grenda var sterkt og aktivt. Foreldra var opptekne av at Hølje måtte lære eit handverk som han kunne livberge seg med når dei ein gong var døde. Det var fleire handige personar på grannegardane og dei omsorgsfulle foreldra så seg om etter eit handverk som kunne høve for guten deira. På nabogarden budde den velkjende rosemålaren Knut Olavson Mevastaul. Faren orda utom med Hølje om rosemåling var noko han ville lære seg. Guten blei svært oppglødd og tok til å teikne roser med blyanten sin same dagen som tanken blei drøfta. Faren gjekk til Knut og gjorde avtale med han om å lære Hølje rosemåling. Knut kom snart til gards med målarskreppa si. Han såg på teikningane og rosa guten. Knut tok fram målarutstyret sitt, og viste Hølje korleis han skulle bruke trekol til å risse opp motivet på eit fat. Hølje sveivde opp fine rosekrullar på fatet så læremeisteren blei reint opp i under over handlaget guten la for dagen. Så kom fargar og penslar på bordet og Hølje gledde seg til å fargelegge rosa, men så fort terpentinflaska vart opna, miste guten pusten. Dette var eit sviande vonbrot for Hølje og foreldra hans.

Faren gav ikkje opp, men drog til sylvsmeden Jørn Østerdal, som budde på ein annan husmannsplass i grenda. Jørn kom til Gonge med både sylvtråd og utstyr. Han såg fort at Hølje hadde det rette handlaget, men så fort loddelampa vart tent, fekk ikkje guten puste. Eit nytt vonbrot; sylvsmed kunne han ikkje bli sjølv om hug og handlag var der.

Då var det faren fann fram den finaste og beste kniven han hadde, gav han til Hølje og sa: "Denne skal du få. Prøv å skjer ut rosur og dyr i tre." Den dagen blei den uføre guten sett inn på eit livsviktig spor.

Treskjerar

Me veit lite om huglag og tankar hjå ungguten i dei tidlege åra, men han utvikla seg til ein framifrå treskjerar. Han fekk avtale med ein handelsmann i Kristiania som kjøpte alt han skar ut. Handelsmannen såg at treskurden frå Hølje Nirison var uvanleg godt utført, og gjenstandane hadde god form. Han sendte difor ei utskoren tine med tre etasjer til Verdsutstillinga i London i 1851. Der fekk denne tina andrepremie. Dette var med og gav arbeida hans meir status og endå høgare pris. Arbeida til Hølje Gonge blei tinga og kjøpt til bryllupsgåver og til andre høve, men dei fleste av produkta blei sendte til Kristiania.

Han måtte ha hjelp til å hente emningstre, og til å sende dei ferdiglaga tinga. For slike tenester gav han gjerne bort fine produkt han hadde laga, og såleis er det framleis att ein del arbeid etter Hølje Gonge i bygda her. I dag blir arbeida frå hans hand rekna som særs verdfulle, og er skjeldan å finne på salslistene hjå antikvitetshandlarane.

Sogeforteljar og formidlar av nyhende

Det var mange som gjesta Hølje i stova på Gonge. Dit kom folkeminnesamlarar som Magnus Brostrup Landstad og Olea Crøger. Hans Ross var truleg også på vitjing hos Hølje. Bygdediktaren Jørund Telnes skreiv ned mangt etter Hølje og nytta det i bøkene sine. Det var nok Hølje Gonge som gav han ideen til boka om Sterke-Nils og fortalde mange av sogene om kjempekaren frå Trollebotn. Det gav Telnes uttrykk for i eit dikt til Hølje som stod på trykk i "Fedraheimen" i 1878.

Kjelder og litteratur